søndag 30. april 2028

3. søndag i påsketiden

Rekkje III
Salme

Herren er min hyrde

Sal 23,1-6

23:1Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til stille vatn. 3Han kveikar mi sjel. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 4Sjølv om eg går i dødsskuggens dal, fryktar eg ikkje noko vondt, for du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5Du dekkjer bord for meg framfor fiendane mine. Du salvar hovudet mitt med olje, begeret mitt renn over. 6Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine levedagar, og eg skal bu i Herrens hus i all framtid.
eller
Apostlane

Apostlene for Rådet

Apg 5,27-42

5:27Dei henta dei og stilte dei fram for Rådet. Øvstepresten spurde dei ut 28og sa: «Vi forbaud dykk strengt å undervisa i dette namnet. Og sjå, de har fylt Jerusalem med læra dykkar og vil føra blodet til dette mennesket over oss.» 29Då svara Peter og apostlane: «Ein må lyda Gud meir enn menneske. 30Gud åt fedrane våre reiste Jesus opp, han som de drap då de hengde han på eit tre. 31Han har Gud opphøgd til si høgre hand som høvding og frelsar, for å gje Israel omvending og tilgjeving for syndene. 32Vi er vitne om desse hendingane, og det same er Den Heilage Ande, som Gud har gjeve til dei som lyder han.» 33Då dei høyrde dette, vart dei rasande og ville drepa dei. 34Men då reiste det seg ein farisear i Rådet som heitte Gamaliel. Han var ein lovlærar som heile folket sette høgt. Han bad om at mennene vart førte ut ei lita stund. 35Så sa han til dei: «Israelittar, tenk dykk godt om før de gjer noko med desse mennene. 36For ei tid sidan stod Teudas fram og påstod at han var noko stort. Om lag fire hundre menn slutta seg til han. Men han vart drepen, og alle som følgde han, vart spreidde og kom til inkjes. 37Etter han stod Judas frå Galilea fram i dei dagane då folketeljinga var. Han fekk folk til å følgja seg. Men også han gjekk til grunne, og alle som følgde han, vart spreidde. 38Difor seier eg dykk no: Hald dykk borte frå desse mennene og lat dei vera! For dersom dette rådet eller dette verket er frå menneske, vil det gå til grunne. 39Men er det frå Gud, kan de ikkje gjera ende på dei – de kunne til og med koma til å stå som motstandarar av Gud.» Dei lét seg overtyda av han. 40Dei kalla inn apostlane, lét dei piska og forbaud dei å tala i Jesu namn. Så lét dei dei gå. 41Apostlane gjekk ut frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet. 42Kvar einaste dag heldt dei fram med å undervisa i tempelet og i heimane, og dei forkynte evangeliet om at Jesus er Messias.
Brev

Menigheten og hyrdene

1Pet 5,1-4

5:1Dei eldste blant dykk formanar eg, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar, og som òg har del i den herlegdomen som skal openberrast: 2Gjet den Guds flokk som er hos dykk. Ha tilsyn med dei, ikkje av tvang, men frivillig, slik Gud vil, ikkje for skammeleg vinning, men av eit villig hjarte. 3Ikkje som herrar over dei som er overlatne til dykkar omsorg, men ver førebilete for flokken. 4Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få herlegdomens krans som aldri visnar.
Evangelium

Jesus metter 5000

Mark 6,30-44

6:30Apostlane samla seg hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde undervist. 31Han sa til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt.» For det var så mange som kom og gjekk at dei ikkje eingong fekk tid til å eta. 32Så drog dei av stad i båten til ein aud stad der dei kunne vera åleine. 33Men mange såg dei fara og kjende dei att, og frå alle byane sprang folk dit til fots og kom fram før dei. 34Då han steig i land, såg han ein stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han tok til å undervisa dei om mange ting. 35Då det alt var blitt seint, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og det er alt seint. 36Send dei frå deg, så dei kan gå til gardane og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» 37Men han svara dei: «Gjev de dei mat!» Dei sa til han: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar og gje dei å eta?» 38Han sa til dei: «Kor mange brød har de? Gå og sjå etter!» Då dei hadde funne ut det, sa dei: «Fem, og to fiskar.» 39Han baud dei få alle til å setja seg ned i grupper på det grøne graset. 40Og dei sette seg ned i flokkar på hundre og femti. 41Han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane så dei kunne dela dei ut til folket. Dei to fiskane delte han òg mellom alle. 42Alle åt og vart mette. 43Etterpå samla dei opp tolv korger fulle av brødbitar og fiskrestar. 44Dei som hadde ete brøda, var fem tusen menn.
← Alle lesetekstar