1. mai
GT
Nødropet har nådd opp til meg
2Mos 2,23-25; 3,7-10
2:23Lang tid etter døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka under tvangsarbeidet og ropa ut, og ropet deira steig opp til Gud frå tvangsarbeidet. 24Gud høyrde klageropet deira, og Gud kom i hug pakta si med Abraham, Isak og Jakob. 25Gud såg til israelittane, og Gud visste. 3:7Herren sa: «Eg har sanneleg sett korleis folket mitt lid i Egypt. Eg har høyrt ropet deira på grunn av slavedrivarane, og eg kjenner smertene deira. 8Difor har eg stige ned for å fria dei ut or handa til egyptarane og føra dei opp frå det landet til eit godt og vidstrekt land, eit land som fløymer av mjølk og honning – til landet der kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane bur. 9No har klageropet frå israelittane nådd meg, og eg har sett korleis egyptarane undertrykkjer dei. 10Gå no! Eg sender deg til farao, så du kan føra folket mitt, israelittane, ut or Egypt.»
Brev
Lønnen dere holdt tilbake roper
Jak 5,1-6
5:1Høyr no, de rike! Gråt og klag over dei ulukker som skal koma over dykk. 2Rikdommen dykkar har rotna, og kleda dykkar er møll-etne. 3Gullet og sølvet dykkar har rusta, og rusta skal vitna mot dykk og eta kjøtet dykkar som eld. De har samla dykk skattar i dei siste dagane. 4Sjå, løna til arbeidarane som hausta markene dykkar, løna som de heldt att frå dei, ropar høgt, og ropa frå dei som haustar, har nådd øyra til Herren Sebaot. 5De har levd i luksus og overflod på jorda. De har gjødd hjarta dykkar på slaktedagen. 6De har dømt og drepe den rettferdige. Står han ikkje imot dykk?
Evangelium
Ikke for å la seg tjene
Matt 20,25-28
20:25Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folkeslaga herskar over dei, og stormennene deira brukar makt over dei. 26Men slik skal det ikkje vera mellom dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar, 27og den som vil vera den første mellom dykk, skal vera slaven dykkar. 28For Menneskesonen kom ikkje for å la seg tena, men for å tena og gje livet sitt som løysepenge for mange.»