5. søndag i påsketiden
GT
Salomo ber for templet
1Kong 8,12-13; 8,27-30
8:12Då sa Salomo: «Herren har sagt at han vil bu i det tjukke mørkret. 13No har eg bygt eit majestetisk hus for deg, ein stad der du kan bu for alltid.» 27Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlanes himmel kan ikkje romma deg, langt mindre dette huset som eg har bygt! 28Vend deg til bøna til tenaren din og til ropet hans, Herre min Gud, så du høyrer ropet og bøna som tenaren din ber fram for ditt andlet i dag. 29Lat auga ditt vera ope mot dette huset natt og dag, mot staden du har sagt at namnet ditt skal vera, så du høyrer bøna som tenaren din bed vend mot denne staden. 30Høyr bønfallinga frå tenaren din og frå folket ditt Israel når dei bed vende mot denne staden. Ja, høyr frå himmelen der du bur, og når du høyrer, så tilgjev!
eller
Apostlane
Hedningene får vende om
Apg 11,1-18
11:1Apostlane og dei truande syskena som var i Judea 2Då Peter kom opp til Jerusalem, gjekk dei omskorne i rette med han 3og sa: «Du gjekk inn til uomskorne menn og åt saman med dei!» 4Men Peter tok til å forklara dei alt i samanheng og sa: 5Eg var i byen Jaffa og bad, og i ei openberring såg eg eit syn: Noko som likna eit stort linklede, halde i dei fire hjørna, kom ned frå himmelen og nådde heilt bort til meg. 6Eg stirte inn i det og såg nøye etter, og eg såg firføtte dyr frå jorda, ville dyr, krypdyr og fuglar under himmelen. 7Så høyrde eg ei røyst som sa til meg: 'Stå opp, Peter, slakt og et!' 8Men eg sa: 'På ingen måte, Herre! For aldri har noko vanhelga eller ureint kome inn i munnen min.' 9Men røysta frå himmelen svara andre gongen: 'Det Gud har gjort reint, skal ikkje du kalla vanhelga.' 10Dette hende tre gonger, og så vart alt drege opp att til himmelen. 11Og sjå, med det same stod tre menn utanfor huset der vi var. Dei var sende til meg frå Cæsarea. 12Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å tvila. Desse seks brørne følgde også med meg, og vi gjekk inn i huset til mannen. 13Han fortalde oss korleis han hadde sett engelen stå i huset sitt og seia: 'Send bod til Jaffa og hent Simon som vert kalla Peter. 14Han skal tala ord til deg som du og heile ditt hus skal verta frelst ved.' 15Då eg tok til å tala, fall Den Heilage Ande på dei, liksom på oss i byrjinga. 16Då kom eg i hug det ordet Herren sa: 'Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den Heilage Ande.' 17Når Gud gav dei same gåva som han gav oss då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven var då vel eg, at eg kunne hindra Gud? 18Då dei høyrde dette, tagde dei stille og prisa Gud og sa: «Så har Gud gjeve også heidningane omvending til liv!»
Brev
Kristus er hjørnesteinen
Ef 2,17-22
2:17Han kom og forkynte fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18For gjennom han har vi begge tilgang til Faderen i éin Ande. 19Så er de då ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk. 20De er bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane, med Kristus Jesus sjølv som hjørnesteinen. 21I han blir heile bygningen sett saman og veks til eit heilagt tempel i Herren. 22I han blir òg de bygde saman til ein bustad for Gud i Anden.
Evangelium
Jesus ber for sine
Joh 17,6-11
17:6Eg har openberra namnet ditt for dei menneska du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. 7No veit dei at alt du har gjeve meg, kjem frå deg. 8For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Dei har teke imot dei og verkeleg kjent at eg har gått ut frå deg, og dei har trudd at du har sendt meg. 9Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei du har gjeve meg, for dei er dine. 10Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg er herleggjort i dei. 11Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg kjem til deg. Heilage Far, ta vare på dei i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.