17. mai
GT
Vokt deg så du ikke glemmer
5Mos 8,10-14
8:10Du skal eta og bli mett, og så skal du velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg. 11Tak deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda boda hans, lovene og forskriftene som eg gjev deg i dag. 12Når du et og blir mett, og når du byggjer fine hus og bur i dei, 13og når storfeet og småfeet ditt aukar, og sølvet og gullet ditt veks, og alt du eig blir meir, 14– då må ikkje hjartet ditt bli hovmodig så du gløymer Herren din Gud, han som førte deg ut frå Egypt, frå slavehuset.
Brev
Hvem har satt deg høyere?
1Kor 4,7
4:7For kven skil deg ut? Kva har du som du ikkje har fått? Og har du fått det, kvifor skryter du som om du ikkje hadde fått det?
Evangelium
Den takknemlige samaritan
Luk 17,11-19
17:11På vegen til Jerusalem drog han gjennom grenseområdet mellom Samaria og Galilea. 12Då han kom inn i ein landsby, møtte han ti spedalske menn. Dei stod på avstand 13og ropa høgt: «Jesus, meister, ver oss miskunnsam!» 14Då han såg dei, sa han til dei: «Gå og vis dykk for prestane.» Og medan dei var på veg, vart dei reinsa. 15Ein av dei, då han såg at han var lækt, vende tilbake og lova Gud med høg røyst. 16Han kasta seg ned med andletet mot jorda ved føtene til Jesus og takka han. Og han var ein samaritan. 17Då sa Jesus: «Var det ikkje ti som vart reinsa? Kvar er dei ni? 18Var det ingen som vende tilbake for å gje Gud ære, utan denne framande?» 19Og han sa til han: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»