laurdag 3. juni 2028

Pinseaften

Rekkje A
GT

Herren slutter pakt med Israel

2Mos 24,3-11

24:3Moses kom og fortalde folket alle orda frå Herren og alle lovene. Heile folket svara med éi røyst og sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera.» 4Moses skreiv ned alle orda frå Herren. Tidleg om morgonen bygde han eit altar nedanfor fjellet og reiste tolv steinstøtter, éin for kvar av dei tolv stammane i Israel. 5Han sende unge menn av Israels born av stad, og dei bar fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for Herren. 6Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skåler, og den andre halvparten av blodet skvetta han på altaret. 7Så tok han paktboka og las ho opp for folket. Dei sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera og lyda.» 8Då tok Moses blodet og skvetta det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet av pakta som Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.» 9Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk opp. 10Dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit verk av safirstein, klårt som himmelen sjølv i reinleik. 11Men mot dei fremste av Israels born lyfte han ikkje handa si. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
Brev

Kristus er hjørnesteinen

Ef 2,17-22

2:17Han kom og forkynte fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18For gjennom han har vi begge tilgang til Faderen i éin Ande. 19Så er de då ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk. 20De er bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane, med Kristus Jesus sjølv som hjørnesteinen. 21I han blir heile bygningen sett saman og veks til eit heilagt tempel i Herren. 22I han blir òg de bygde saman til ein bustad for Gud i Anden.
Evangelium

Ånden var ennå ikke kommet

Joh 7,37-39

7:37På den siste, den store dagen i høgtida, stod Jesus fram og ropa: «Om nokon tørstar, lat han koma til meg og drikka! 38Den som trur på meg, frå hans indre skal det renna straumar av levande vatn, som Skrifta seier.» 39Dette sa han om Anden, som dei som trudde på han, skulle få. For Anden var enno ikkje gjeven, sidan Jesus enno ikkje var herleggjord.
← Alle lesetekstar