2. pinsedag
GT
Vann av klippen
2Mos 17,1-7
17:1Heile forsamlinga av Israels born braut opp frå Sin-øydemarka og drog vidare frå stad til stad etter Herrens ord. Dei slo leir i Refidim, men der var det ikkje vatn for folket å drikka. 2Då tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn så vi kan drikka!» Moses svara dei: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor freistar de Herren?» 3Men folket tyrsta etter vatn der, og dei klaga på Moses og sa: «Kvifor førte du oss opp frå Egypt for å la oss, borna våre og buskapen vår døy av torste?» 4Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!» 5Herren sa til Moses: «Gå framfor folket og ta med deg nokre av dei eldste i Israel. Ta staven din, den du slo Nilen med, i handa di og gå. 6Sjå, eg vil stå framfor deg der på berget ved Horeb. Slå på berget, så skal det strøyma vatn ut av det, og folket kan drikka.» Moses gjorde så medan dei eldste i Israel såg på. 7Han kalla staden Massa og Meriba, fordi Israels born tretta og freista Herren då dei sa: «Er Herren midt iblant oss eller ikkje?»
Apostlane
Apostelmøtet om folkeslagene
Apg 15,1-11
15:1Nokre menn kom ned frå Judea og lærte brørne: «Om de ikkje vert omskorne etter Moses sin skikk, kan de ikkje verta frelste.» 2Det vart ein ikkje liten strid og ordskifte mellom Paulus og Barnabas og desse mennene. Då vart det bestemt at Paulus og Barnabas og nokre andre av dei skulle fara opp til apostlane og dei eldste i Jerusalem for å leggja denne saka fram for dei. 3Dei vart sende av garde av forsamlinga og fór gjennom Fønikia og Samaria. Der fortalde dei om korleis heidningane hadde vendt om, og dette var til stor glede for alle syskena. 4Då dei kom til Jerusalem, vart dei tekne imot av forsamlinga og apostlane og dei eldste. Dei fortalde om alt det Gud hadde gjort gjennom dei. 5Men nokre av dei truande som høyrde til farisearflokken, stod opp og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.» 6Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka. 7Etter mykje ordskifte reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud alt i dei fyrste dagane valde meg ut mellom dykk, så heidningane skulle få høyra evangelieordet frå min munn og koma til tru. 8Og Gud, som kjenner hjarta, vitna for dei ved å gje dei Den Heilage Ande, på same vis som til oss. 9Han gjorde ingen skilnad mellom oss og dei, men reinsa hjarta deira ved trua. 10Kvifor set de då Gud på prøve ved å leggja eit åk på nakken til læresveinane som korkje fedrane våre eller vi var i stand til å bera? 11Nei, vi trur at vi vert frelste ved Herren Jesu nåde, på same måte som dei.»
Evangelium
Elver av levende vann
Joh 7,37-39
7:37På den siste, den store dagen i høgtida, stod Jesus fram og ropa: «Om nokon tørstar, lat han koma til meg og drikka! 38Den som trur på meg, frå hans indre skal det renna straumar av levande vatn, som Skrifta seier.» 39Dette sa han om Anden, som dei som trudde på han, skulle få. For Anden var enno ikkje gjeven, sidan Jesus enno ikkje var herleggjord.