Treenighetssøndag
GT
Gud kaller Jesaja
Jes 6,1-8
6:1I det året kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og opphøgd trone, og slepet på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod over han. Kvar av dei hadde seks vengjer: Med to dekte dei andletet sitt, med to dekte dei føtene sine, og med to flaug dei. 3Og den eine ropa til den andre og sa: «Heilag, heilag, heilag er Herren over hærskarane! Heile jorda er full av hans herlegdom.» 4Terskelboltane riste ved røysta til den som ropa, og huset vart fylt av røyk. 5Då sa eg: «Ve meg! Eg går til grunne, for eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur midt i eit folk med ureine lepper. For auga mine har sett Kongen, Herren over hærskarane.» 6Då flaug ein av serafane bort til meg med eit gloande kol i handa, som han hadde teke frå altaret med ei tong. 7Han rørte ved munnen min med det og sa: «Sjå, dette har rørt ved leppene dine. Skulda di er teken bort, og synda di er sona.» 8Så høyrde eg Herrens røyst som sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Då sa eg: «Her er eg, send meg!»
Apostlane
Han gir liv og ånde til alle
Apg 17,22-34
17:22Paulus stilte seg då midt på Areopagos og sa: «Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg òg eit altar der det stod skrive: 'For ein ukjend gud.' Det de tilbed utan å kjenne, det forkynner eg for dykk. 24Gud, som skapte verda og alt som er i henne, han som er Herre over himmel og jord, bur ikkje i tempel som er bygde av menneskehendar. 25Han lèt seg heller ikkje tene av menneskehendar som om han trong noko, for det er han som gjev alle liv og ande og alle ting. 26Av éin har han skapt kvart folkeslag av menneske til å bu over heile jordoverflata. Han har fastsett tider for dei og grensene for bustadene deira, 27for at dei skulle søkje Gud, om dei kanskje kunne famle seg fram til han og finne han – endå han ikkje er langt borte frå ein einaste av oss. 28For i han lever vi og rører oss og er til, slik også nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: 'For vi er òg hans ætt.' 29Sidan vi då er Guds ætt, bør vi ikkje tru at guddomen er lik gull eller sølv eller stein, forma av menneskeleg kunst og tanke. 30Gud har sett gjennom fingrane med uvitstidene, men no byd han alle menneske alle stader å vende om. 31For han har fastsett ein dag då han skal dømme verda med rettferd ved ein mann han har peika ut. Dette har han stadfesta for alle ved å reise han opp frå dei døde.» 32Då dei høyrde om oppstode frå dei døde, spotta nokre, men andre sa: «Vi vil høyre deg om dette ein annan gong.» 33Så gjekk Paulus bort frå dei. 34Men nokre menn slutta seg til han og kom til tru. Blant dei var Dionysios frå Areopagos-rådet og ei kvinne som heitte Damaris, og fleire andre med dei.
Evangelium
Tilgivelse for folkeslagene
Luk 24,45-48
24:45Då opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene. 46Og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, 47og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag, med byrjing frå Jerusalem. 48De er vitne om dette.