søndag 18. juni 2028

2. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

Renselse og et nytt hjerte

Esek 36,25-29a

36:25Eg vil skvetta reint vatn på dykk, så de blir reine. Frå all ureinleiken dykkar og frå alle avgudane dykkar vil eg reinsa dykk. 26Eg vil gje dykk eit nytt hjarte og la ein ny ande koma inn i dykk. Eg vil ta steinhjartet ut or kroppen dykkar og gje dykk eit hjarte av kjøt og blod. 27Eg vil la min Ande koma inn i dykk og gjera det slik at de følgjer forskriftene mine og tek vare på lovene mine og lever etter dei. 28De skal bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. 29aEg vil frelsa dykk frå all ureinleiken dykkar.
Brev

Forenet med Kristus i dåpen

Rom 6,3-8

6:3Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4Vi vart altså gravlagde med han ved dåpen til døden, for at liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved herlegdomen til Far, så skal vi òg vandra i eit nytt liv. 5For har vi vorte sameina med han i ein død som er lik hans, skal vi vissleg òg bli det i ei oppstode som er lik hans. 6Vi veit at det gamle mennesket vårt vart krossfest med han, så syndekroppen skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. 7For den som har døydd, er rettferdiggjord frå synda. 8Men døydde vi med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.
Evangelium

Jesus og Nikodemus

Joh 3,1-13

3:1Det var ein mann av farisearane som heitte Nikodemus, ein av leiarane blant jødane. 2Han kom til Jesus om natta og sa til han: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer utan at Gud er med han.» 3Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan å bli fødd ovanfrå.» 4Nikodemus sa til han: «Korleis kan eit menneske bli fødd når det er gamalt? Kan ein vel gå inn i mors liv andre gongen og bli fødd?» 5Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan koma inn i Guds rike utan å bli fødd av vatn og Ande.» 6Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7Undra deg ikkje over at eg sa til deg: De må bli fødde ovanfrå. 8Vinden blæs dit han vil, og du høyrer lyden av han, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden. 9Nikodemus svara og sa til han: «Korleis kan dette gå til?» 10Jesus svara og sa til han: «Du er læraren i Israel, og dette skjønar du ikkje? 11Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vi vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12Når eg har tala til dykk om det jordiske og de ikkje trur, korleis kan de då tru om eg talar til dykk om det himmelske? 13Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskesonen.
← Alle lesetekstar