søndag 2. juli 2028

4. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
Salme

Gud som jordmor

Sal 22,8-12

22:8Alle som ser meg, hånar meg, dei vrenger leppa og ristar på hovudet: 9«Legg det over på Herren, lat han berga han! Lat han fria han ut, sidan han har si glede i han!» 10Ja, du var den som drog meg fram frå mors liv, du lét meg kvila trygt ved mor sitt bryst. 11Til deg vart eg kasta frå eg kom til verda, frå mors liv har du vore min Gud. 12Ver ikkje langt borte frå meg, for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper.
Brev

Vi forkynte evangeliet for dere

1Tess 2,5-13

2:5For vi kom aldri med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med påskot for å berika oss – Gud er vårt vitne. 6Vi søkte heller ikkje ære frå menneske, korkje frå dykk eller frå andre. 7Vi kunne ha lagt ei tung bør på dykk som Kristi apostlar, men vi var milde mellom dykk, som ei mor som tek seg ømt av sine eigne born. 8Slik lengta vi etter dykk at vi gjerne ville dela med dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg våre eigne liv, fordi de hadde vorte så kjære for oss. 9De hugsar då, sysken, korleis vi streva og sleit. Natt og dag arbeidde vi for ikkje å vera til byrde for nokon av dykk medan vi forkynte Guds evangelium for dykk. 10De er vitne, og Gud med, om kor heilagt, rettferdig og ulastelegt vi levde mellom dykk som trur. 11De veit korleis vi var mot kvar ein av dykk, som ein far mot borna sine, 12Vi oppmoda, trøysta og bad dykk inderleg om å leva eit liv verdig Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom. 13Difor takkar vi òg Gud utan opphald, for då de tok imot Guds ord som de høyrde frå oss, tok de ikkje imot det som menneskeord, men som det i sanning er: Guds ord, som verkar i dykk som trur.
Evangelium

Høsten er stor

Matt 9,35-38

9:35Jesus drog omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og all veikskap. 36Då han såg folkemengdene, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37Då sa han til læresveinane sine: «Hausten er stor, men arbeidarane er få.» 38Be difor haustens herre senda ut arbeidarar til hausten sin.
← Alle lesetekstar