søndag 9. juli 2028

5. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

Spør etter de gamle stiene

Jer 6,16-19

6:16Så seier Herren: Still dykk på vegane og sjå etter, spør etter dei gamle stigane, spør kvar den gode vegen går, og gå på han! Då skal de finna kvile for sjelene dykkar. Men dei sa: «Vi vil ikkje gå på han.» 17Eg sette vaktmenn over dykk og sa: «Lyd på lyden av hornet!» Men dei sa: «Vi vil ikkje lyda.» 18Difor, høyr, de folkeslag! Og legg merke til, du forsamling, det som skal henda dei. 19Høyr, du jord! Sjå, eg fører ulukke over dette folket, frukta av deira eigne tankar, for dei har ikkje lyda på orda mine, og lova mi har dei vraka.
Brev

Bare ett evangelium

Gal 1,6-9

1:6Eg undrar meg over at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium, 7som ikkje er eit anna evangelium. Det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8Men om vi sjølve, eller ein engel frå himmelen, skulle forkynna eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, så skal vedkomande vera forbanna! 9Som vi har sagt før, seier eg no igjen: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det de har teke imot, så skal han vera forbanna!
Evangelium

Sau på villspor, bror som synder

Matt 18,12-18

18:12vil han ikkje då lata dei nittiogni vera att i fjellet og gå av stad og leita etter den som er komen bort? 13Og om han finn han, sanneleg seier eg dykk: Då gleder han seg meir over den eine enn over dei nittiogni som ikkje gjekk seg vill. 14Slik er det heller ikkje viljen til Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå fortapt. 15Om bror din syndar mot deg, så gå og tal han til rettes medan de er åleine. Høyrer han på deg, har du vunne bror din tilbake. 16Men høyrer han ikkje, så ta med deg ein eller to til, for kvar sak skal stadfestast av to eller tre vitne. 17Vil han ikkje høyra på dei, så sei det til forsamlinga. Og vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, då skal han vera for deg som ein heidning eller ein tollar. 18Sanneleg seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
← Alle lesetekstar