7. søndag i treenighetstiden
Salme
Hva er da et menneske
Sal 8,1; 8,3-10
8:1Til kormeisteren. Etter Gittit-melodien. Ein salme av David. 3Frå munnen til småborn og spedborn har du reist eit vern mot motstandarane dine, for å bringa fienden og den hemngjerrige til teiing. 4Når eg ser himlane dine, eit verk av fingrane dine, månen og stjernene som du har sett på plass – 5kva er då eit menneske, at du hugsar på det, eit menneskebarn, at du tek deg av det? 6Du gjorde det berre lite ringare enn gudeverda og krona det med ære og herlegdom. 7Du sette det til å råda over verka av hendene dine, alt la du under føtene dess. 8småfe og storfe, ja alle saman, og dyra på marka med, 9fuglane under himmelen og fiskane i havet, alt som ferdast på stigane i havet. 10Herre, vår Herre, kor herleg namnet ditt er over heile jorda!
Brev
Det som er svakt, utvalgte Gud
1Kor 1,26-31
1:26Sjå på kallet dykkar, sysken: ikkje mange vise etter kjøtet, ikkje mange mektige, ikkje mange av høg ætt. 27Men det som er dårskap i verda, valde Gud ut for å gjera dei vise til skamme, og det som er veikt i verda, valde Gud ut for å gjera det sterke til skamme. 28Det som er lågt i verda, og det som er forakta, valde Gud ut, det som ingenting er, for å gjera til inkjes det som er noko, 29så ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30Men frå han er de i Kristus Jesus, han som vart visdom for oss frå Gud, både rettferd og helging og utløysing, 31så det skal vera som det står skrive: «Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.»
Evangelium
Hun som rørte ved Jesu kappe
Mark 5,25-34
5:25No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26Ho hadde lidd mykje under mange legar og brukt opp alt ho eigde, men det hadde ikkje hjelpt. Tvert imot hadde ho berre vorte verre. 27Ho hadde høyrt om Jesus, og no kom ho bakfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans. 28For ho tenkte: «Om eg berre får røra ved kleda hans, blir eg lækt.» 29Og straks tørka blodet opp, og ho kjende på kroppen at ho var lækt frå plaga si. 30Med det same kjende Jesus at det hadde gått kraft ut frå han. Han snudde seg i folkehopen og spurde: «Kven rørte ved kleda mine?» 31Læresveinane sa til han: «Du ser korleis folk trengjer seg innpå deg, og så spør du: 'Kven rørte ved meg?'» 32Men han såg seg omkring for å få auge på den som hadde gjort det. 33Kvinna visste kva som hadde hendt med henne. Ho kom redd og skjelvande og kasta seg ned for han og fortalde han heile sanninga. 34Då sa han til henne: «Dotter, trua di har berga deg. Gå i fred, og ver fri frå plaga di.»