10. søndag i treenighetstiden
GT
Jakobs møte med Esau
1Mos 33,1-11
33:1Jakob såg opp og fekk auge på Esau som kom med fire hundre mann. Då delte han borna mellom Lea, Rakel og dei to trælkvinnene. 2Han sette trælkvinnene og borna deira fremst, deretter Lea og borna hennar, og til slutt Rakel og Josef. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg til jorda sju gonger til han nådde fram til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, tok han i famn, kasta seg om halsen hans og kyste han. Og dei gret. 5Då Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna, spurde han: «Kven er desse som er med deg?» Jakob svara: «Det er borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Då kom trælkvinnene fram med borna sine og bøygde seg. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt kom Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva meinte du med heile denne flokken eg møtte?» Han svara: «Eg ville finna nåde hos herren min.» 9Esau sa: «Eg har nok, bror min. Behald det du har.» 10Men Jakob sa: «Nei, ver så snill! Om eg har funne nåde hos deg, så ta imot gåva mi frå handa mi. For då eg såg andletet ditt, var det som å sjå Guds andlet, og du tok vel imot meg. 11Ta imot velsigningsgåva som er ført til deg, for Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Han trengde seg på, og Esau tok imot.
Brev
Tilgi slik Gud har tilgitt
Ef 4,29-32
4:29Lat ikkje ròtne ord koma ut av munnen dykkar, men berre det som er godt og som byggjer opp der det trengst, så det kan gje nåde til dei som høyrer. 30Og gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, han som de har fått som segl til utløysingsdagen. 31All bitterheit, sinne, raseri, skriking og vondord må leggjast bort frå dykk, saman med all vondskap. 32Ver gode mot kvarandre, vis medkjensle og tilgjev kvarandre, liksom Gud i Kristus har tilgjeve dykk.
Evangelium
Far tilgir som dere
Mark 11,25-26
11:25Og når de står og bed, så tilgjev om de har noko imot nokon, så Far dykkar i himmelen òg kan tilgje dykk misgjerningane dykkar.» 26Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje misgjerningane dykkar.