søndag 10. september 2028

Vingårdssøndag/14. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

Den rette ros

Jer 9,21-22

9:21Tal! Så seier Herren: Lika av menneske skal falla som gjødsel på marka, som kornband etter skurdmannen, og ingen samlar dei. 22Så seier Herren: Den vise skal ikkje rosa seg av visdomen sin, den sterke skal ikkje rosa seg av styrken sin, og den rike skal ikkje rosa seg av rikdomen sin.
Brev

Vinning og tap

Fil 3,7-14

3:7Men det som var vinning for meg, det har eg rekna som tap for Kristi skuld. 8Ja, eg reknar i sanning alt som tap på grunn av det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som avfall, så eg kan vinna Kristus 9og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som kjem av lova, men med den rettferda som kjem ved tru på Kristus, rettferda frå Gud som kviler på trua. 10Eg vil kjenna han og krafta i oppstoda hans og fellesskapen i lidingane hans, og bli forma lik han i døden hans, 11om eg på noko vis kan nå fram til oppstoda frå dei døde. 12Ikkje så at eg alt har nådd dette eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, sidan Kristus Jesus har gripe meg. 13Sysken, eg reknar ikkje meg sjølv for å ha gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak og strekkjer meg mot det som ligg framfor. 14Eg jagar mot målet, mot sigerskransen i det himmelske kallet frå Gud i Kristus Jesus.
Evangelium

Forsakelse og lønn

Matt 19,27-30

19:27Då tok Peter til orde og sa: «Sjå, vi har forlate alt og følgt deg. Kva skal vi få?» 28Jesus sa til dei: «Sanneleg seier eg dykk: Ved gjenfødinga, når Menneskesonen sit på herlegdomstrona si, skal de som har følgt meg, òg sitja på tolv tronar og døma dei tolv stammane i Israel. 29Og kvar den som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller kone eller born eller åkrar for mitt namns skuld, skal få hundre gonger att og arva evig liv. 30Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»
← Alle lesetekstar