fredag 29. september 2028

Mikkelsmesse

Rekkje III
GT

Jakobs drøm

1Mos 28,10-19a

28:10Jakob drog ut frå Be'er-Sjeba og tok vegen mot Haran. 11Han kom til ein stad og overnatta der, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden, la han under hovudet sitt og la seg til å sova der. 12Då drøymde han, og sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned på stigen. 13Og sjå, HERREN stod over han og sa: «Eg er HERREN, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Landet du ligg på, vil eg gje til deg og etterkomarane dine. 14Ætta di skal bli som støvet på jorda, og du skal breie deg ut mot vest og aust, mot nord og sør. I deg og i ætta di skal alle slekter på jorda bli velsigna. 15Sjå, eg er med deg og skal verna deg overalt der du går, og eg skal føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje forlata deg før eg har gjort det eg har lova deg.» 16Då vakna Jakob frå søvnen og sa: «Sanneleg, HERREN er på denne staden, og eg visste det ikkje!» 17Han vart gripen av ærefrykt og sa: «Kor skremmande er ikkje denne staden! Dette er ikkje anna enn Guds hus, og her er porten til himmelen.» 18Tidleg om morgonen stod Jakob opp. Han tok steinen han hadde hatt under hovudet, reiste han opp som ei minnestøtte og helte olje over toppen av han. 19aHan kalla staden Betel.
Brev

En kort tid lavere enn englene

Hebr 2,4-10

2:4medan Gud sjølv vitna saman med dei gjennom teikn og under og mange slag kraftige gjerningar, og ved å dela ut Den Heilage Ande etter sin vilje. 5For det er ikkje under englar han har lagt den komande verda, den som vi talar om. 6Men ein stad har nokon vitna og sagt: «Kva er eit menneske, sidan du hugsar på han, eller ein menneskeson, sidan du ser til han? 7Du gjorde han ei lita stund lågare enn englane, med ære og herlegdom krona du han. 8Alt la du under føtene hans.» For når han la alt under han, lét han ikkje noko vera utan å vera underlagt han. Men enno ser vi ikkje at alt er lagt under han. 9Men vi ser Jesus, som ei lita stund var gjord lågare enn englane, no krona med ære og herlegdom fordi han leid døden, så han ved Guds nåde kunne smaka døden for alle. 10For det høvde han som alt er til for og alt er til ved, at han, når han fører mange born til herlegdom, skulle fullenda frelseshøvdingen deira gjennom lidingar.
Evangelium

Se Guds engler stige opp og ned

Joh 1,47-51

1:47Jesus såg Natanael koma mot seg og sa om han: «Sjå, her er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48Natanael spurde: «Kvar kjenner du meg frå?» Jesus svara: «Eg såg deg medan du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!» 50Jesus svara: «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet? Du skal få sjå større ting enn dette.» 51Og han sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga opp og stiga ned over Menneskesonen.»
← Alle lesetekstar