søndag 1. oktober 2028

17. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

De døde ben blir levende

Esek 37,1-5; 37,10-14

37:1Herrens hand kom over meg, og han førte meg ut ved Herrens Ande og sette meg ned midt i ein dal. Den var full av bein. 2Han leidde meg rundt omkring blant dei, og sjå, det var svært mange utover dalen, og dei var heilt uttørka. 3Han sa til meg: «Menneske, kan desse beina bli levande att?» Eg svara: «Herre Gud, du veit det.» 4Då sa han til meg: «Profetera over desse beina og sei til dei: Tørre bein, høyr Herrens ord!» 5Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt ande koma inn i dykk, og de skal bli levande. 10Eg profeterte slik han hadde bode meg, og anden kom inn i dei. Dei vart levande og reiste seg opp på føtene – ein veldig stor hær. 11Så sa han til meg: «Menneske, desse beina er heile Israels hus. Sjå, dei seier: Beina våre har tørka inn, vona vår er borte, det er ute med oss. 12Difor, profetera og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg opnar gravene dykkar og hentar dykk opp frå gravene, mitt folk, og fører dykk til Israels land. 13Då skal de kjenna at eg er Herren, når eg opnar gravene dykkar og hentar dykk opp frå gravene, mitt folk. 14Eg skal gje dykk min Ande, så de blir levande, og eg skal lata dykk busetja dykk i landet dykkar. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.
Brev

Jeg er trukket til begge sider

Fil 1,20-26

1:20Det er mi inderlige venting og mitt håp at eg ikkje skal bli til skamme i noko, men at Kristus no som alltid skal bli opphøgd i kroppen min med alt frimod, anten det skjer ved liv eller ved død. 21For meg er livet Kristus, og døden er vinning. 22Men om eg skal leva vidare i kroppen, betyr det fruktbart arbeid for meg. Kva eg skal velja, veit eg ikkje. 23Eg er dregen mellom dei to. Eg lengtar etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er langt, langt betre. 24Men å bli verande i kroppen er meir nødvendig for dykkar skuld. 25Sidan eg er viss på dette, veit eg at eg skal bli verande og vera hos dykk alle, til framgang og glede for trua dykkar, 26så de kan ha rikare grunn til å rosa dykk i Kristus Jesus på grunn av meg, når eg kjem til dykk igjen.
Evangelium

Jesus vekker opp Jairus’ datter

Mark 5,35-43

5:35Medan han endå tala, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dottera di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» 36Men Jesus overhøyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37Han lét ingen andre følgja med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. 38Dei kom til huset åt synagogeforstandaren, og der såg han ståket og dei som gret og jamra høgt. 39Han gjekk inn og sa til dei: «Kvifor støyar de og gret? Barnet er ikkje dødt, det søv.» 40Dei berre lo av han. Men han dreiv dei alle ut og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. 41Han tok henne i handa og sa: «Talita kum!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» 42Straks stod jenta opp og gjekk omkring. Ho var tolv år gammal. Og dei vart heilt frå seg av undring. 43Han påla dei strengt at ingen måtte få vita dette, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.
← Alle lesetekstar