18. søndag i treenighetstiden
Salme
Herre, du ser hva min lengsel er
Sal 38,10-16
38:10Herre, all mi lengting ligg open for deg, og mine sukk er ikkje løynde for deg. 11Hjarta mitt hamrar, krafta mi har forlate meg, og lyset i auga mine – også det er borte frå meg. 12Mine vener og kameratar held seg borte frå mi plage, og mine næraste står langt unna. 13Dei som står meg etter livet, set snarer, dei som vil meg vondt, talar om øydelegging, og heile dagen tenkjer dei ut svik. 14Men eg er som ein døv, eg høyrer ikkje, og som ein stum som ikkje opnar munnen. 15Eg vart som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje har noko motsvar i munnen. 16For til deg, Herre, set eg mi von. Du vil svara, Herre, min Gud.
Brev
Gud er kjærlighet
1Joh 4,11-16
4:11De kjære, har Gud elska oss slik, då skuldar vi òg å elska kvarandre. 12Ingen har nokon gong sett Gud. Om vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og kjærleiken hans er fullenda i oss. 13Av dette veit vi at vi blir i han og han i oss: Han har gjeve oss av sin Ande. 14Og vi har sett og vitnar om at Faderen har sendt Sonen som frelsar for verda. 15Den som vedkjenner at Jesus er Guds Son, i han blir Gud verande, og han i Gud. 16Og vi har kjent og trudd den kjærleiken Gud har i oss. Gud er kjærleik, og den som blir i kjærleiken, blir i Gud, og Gud blir i han.
Evangelium
Den spedalske mannen
Mark 1,40-45
1:40Ein spedalsk mann kom til han, fall på kne og bad han: «Om du vil, kan du gjera meg rein.» 41Jesus vart gripen av harme, rette ut handa og rørte ved han og sa: «Eg vil. Bli rein!» 42Straks forsvann spedalsken frå han, og han vart rein. 43Jesus tala strengt til han og sende han straks bort. 44Han sa til han: «Sjå til at du ikkje seier dette til nokon! Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offera for reinsinga di som Moses har påbode, til eit vitnemål for dei.» 45Men mannen gjekk ut og tok til å fortelja vidt og breitt og spreia ordet, så Jesus ikkje lenger kunne gå ope inn i nokon by. Han heldt seg utanfor, på aude stader, men folk kom til han frå alle kantar.