søndag 15. oktober 2028

19. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

Herren kaller Samuel

1Sam 3,1-11

3:1Guten Samuel tente Herren under Eli. Ordet frå Herren var sjeldsynt i dei dagane, og syn var det ikkje mange av. 2På den tida låg Eli på plassen sin. Augo hans hadde teke til å bli svake, så han kunne ikkje sjå. 3Lampa åt Gud var enno ikkje sløkt, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds ark stod. 4Då ropa Herren på Samuel, og han svara: «Her er eg.» 5Han sprang til Eli og sa: «Her er eg, for du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå attende og legg deg.» Så gjekk han og la seg. 6Herren ropa endå ein gong: «Samuel!» Samuel stod opp og gjekk til Eli og sa: «Her er eg, for du ropa på meg.» Men han sa: «Eg ropa ikkje, son min. Gå attende og legg deg.» 7Samuel kjende enno ikkje Herren, og ordet frå Herren var enno ikkje openberra for han. 8Herren ropa på Samuel tredje gongen. Han stod opp og gjekk til Eli og sa: «Her er eg, for du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten. 9Eli sa til Samuel: «Gå og legg deg. Og om han ropar på deg, skal du svara: Tal, Herre, for tenaren din høyrer.» Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin. 10Då kom Herren og stilte seg der og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Samuel svara: «Tal, for tenaren din høyrer.» 11Herren sa til Samuel: «Sjå, eg gjer noko i Israel som får det til å ringja i begge øyro på kvar den som høyrer om det.»
Brev

Alt gjør jeg for evangeliet

1Kor 9,19-23

9:19For endå eg er fri frå alle, har eg gjort meg til tenar for alle, så eg kan vinna så mange som mogleg. 20For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte som ein under lova, endå eg sjølv ikkje er under lova, så eg kan vinna dei som er under lova. 21For dei som er utan lov, har eg vorte som ein utan lov, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men er under Kristi lov, så eg kan vinna dei som er utan lov. 22For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle høve kan frelsa nokre. 23Alt gjer eg for evangeliet si skuld, så eg kan få del i det.
Evangelium

Jesus krever alt

Luk 9,57-62

9:57Medan dei gjekk på vegen, sa ein til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.» 58Jesus sa til han: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje ein stad der han kan leggja hovudet sitt.» 59Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først gå heim og gravleggja far min.» 60Han sa til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du og forkynn Guds rike.» 61Ein annan sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei heime.» 62Jesus sa til han: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg tilbake, høver for Guds rike.»
← Alle lesetekstar