20. søndag i treenighetstiden
GT
Boas og Rut
Rut 2,8-11
2:8Då sa Boas til Rut: «Høyr no, dotter mi! Gå ikkje bort og sank på ein annan åker, og gå ikkje herifrå. Hald deg til tenestejentene mine. 9Hald auga på åkeren der dei haustar, og gå etter dei. Eg har sagt til tenarane mine at dei ikkje skal røre deg. Og når du blir tyrst, kan du gå til krukkene og drikka av det tenarane har aust opp.» 10Då fall ho ned med andletet mot jorda og bøygde seg og sa til han: «Kvifor har eg funne velvilje hos deg, så du tek deg av meg, endå eg er ei framand kvinne?» 11Boas svara henne: «Eg har fått høyre alt du har gjort for svigermor di etter at mannen din døydde, korleis du forlét far din og mor di og landet du vart fødd i, og kom til eit folk du ikkje kjende frå før.»
Brev
Oppdragelse etter Herrens vilje
Ef 6,1-4
6:1Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for dette er rett. 2Æra far din og mor di – dette er det første bodet med ein lovnad – 3så det kan gå deg vel og du kan leva lenge på jorda. 4Og de fedrar, eggja ikkje borna dykkar til vreide, men før dei opp med oppseding og rettleiing frå Herren.
Evangelium
De små har sine engler hos Gud
Matt 18,1-11
18:1I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2Då kalla han til seg eit lite barn og sette det midt imellom dei. 3Og han sa: «Sanneleg seier eg dykk: Om de ikkje vender om og blir som born, kjem de aldri inn i himmelriket. 4Den som audmjukar seg sjølv som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6Men den som lokkar ein av desse små som trur på meg, til fall – for han ville det vera betre om ein kvernstein vart hengd om halsen hans og han vart søkkt i havdjupet. 7Ve verda for det som lokkar til fall! For det som lokkar til fall, må koma, men ve det mennesket som det kjem gjennom! 8Om handa di eller foten din lokkar deg til fall, så hogg det av og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender eller to føter og bli kasta i den evige elden. 9Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld. 10Sjå til at de ikkje foraktar ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid andletet til Far min i himmelen. 11[For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.]