Allehelgensdag
GT
Herren skal være ditt lys
Jes 60,18-22
60:18Ein skal ikkje lenger høyra om vald i landet ditt, om øydelegging og undergang innanfor grensene dine. Du skal kalla murane dine Frelse og portane dine Lovsong. 19Sola skal ikkje lenger vera lyset ditt om dagen, og månen skal ikkje lysa for deg. For Herren skal vera ditt evige lys, og din Gud skal vera din herlegdom. 20Sola di skal ikkje meir gå ned, og månen din skal ikkje minka. For Herren skal vera ditt evige lys, og syrjedagane dine skal ta ende. 21Folket ditt skal alle vera rettferdige, dei skal eiga landet for alltid. Dei er ein renning eg har planta, eit verk av hendene mine, så eg kan visa herlegdomen min. 22Den minste skal verta til tusen, og den ringaste til eit mektig folkeslag. Eg er Herren, når tida er inne, lèt eg det skje fort.
Brev
Et bedre land de lengter etter
Hebr 11,11-16; 11,39-40
11:11Ved tru fekk også Sara kraft til å ta imot såkorn, endå ho var over den rette alderen, for ho heldt han trufast som hadde gjeve lovnaden. 12Difor kom det frå éin mann, ein som alt var utan livskraft, etterkomarar så mange som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand, som ikkje kan teljast. 13I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Men dei såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende at dei var framande og gjester på jorda. 14Dei som talar slik, viser tydeleg at dei søkjer eit fedreland. 15Om dei hadde tenkt på det landet dei hadde drege ut frå, hadde dei hatt høve til å venda attende. 16Men no lengtar dei etter eit betre land, det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av å verta kalla deira Gud, for han har gjort ein by ferdig for dei. 39Alle desse fekk godt vitnemål for trua si, men dei fekk ikkje det som var lova. 40For Gud hadde sett føre noko betre for oss, så dei ikkje skulle nå fullendinga utan oss.
Evangelium
Saligprisningene
Luk 6,20-23
6:20Han lyfte blikket mot læresveinane sine og sa: «Sæle er de fattige, for Guds rike er dykkar. 21Sæle er de som no svelt, for de skal mettast. Sæle er de som no græt, for de skal le. 22Sæle er de når menneske hatar dykk, støyter dykk ut, spottar dykk og kastar ut namnet dykkar som noko vondt for Menneskesonen si skuld. 23Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd! For sjå, løna dykkar er stor i himmelen. På same vis gjorde fedrane deira med profetane.