søndag 12. november 2028

23. søndag i treenighetstiden

Rekkje III
GT

Jeg er den som trøster dere

Jes 51,11-16

51:11Dei som Herren har løyst ut, skal venda attende og koma til Sion med jubel. Evig glede skal vera over hovudet deira. Fryd og glede skal dei oppnå, og sorg og sukk skal fly bort. 12Eg, eg er den som trøystar dykk. Kven er du, at du fryktar døyelege menneske, menneskeborn som vert som gras? 13Du har gløymt Herren, din skapar, han som spente ut himmelen og grunnla jorda. Du skjelv heile dagen i frykt for harmen til undertrykkjaren, når han gjer seg klar til å øydeleggja. Men kvar er no harmen til undertrykkjaren? 14Snart skal den lenkebundne verta løyst. Han skal ikkje døy i fangehòlet, og han skal ikkje mangla brød. 15For eg er Herren din Gud, som rører opp havet så bølgjene brusar. Herren over hærskarane er namnet hans. 16Eg har lagt mine ord i din munn og løynt deg i skuggen av mi hand, for å spenna ut himmelen og grunnleggja jorda, og for å seia til Sion: Du er mitt folk.
Brev

Når Herren kommer

1Tess 4,13-18

4:13Søsken, vi vil ikkje at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan von. 14For om vi trur at Jesus døydde og stod opp att, så skal Gud på same vis føra dei som har sovna inn gjennom Jesus, saman med han. 15For dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som lever og blir att til Herrens kome, skal ikkje koma føre dei som har sovna inn. 16For Herren sjølv skal stiga ned frå himmelen med eit kommandorop, med erkeengelen si røyst og med Guds basun. Og dei døde i Kristus skal stå opp først. 17Deretter skal vi som lever og blir att, saman med dei rykkjast opp i skyene for å møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18Så trøyst kvarandre med desse orda.
Evangelium

Dagen og timen kjenner ingen

Matt 24,35-44

24:35Himmel og jord skal forgå, men orda mine skal aldri forgå. 36Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen åleine. 37For som i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 38For i dagane før storflaumen åt dei og drakk, dei gifta seg og gav til ekte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. 39Dei skjøna ingenting før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40Då skal to vera ute på marka; éin blir teken med, og éin blir att. 41To kvinner skal mala på kverna; éi blir teken med, og éi blir att. 42Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva vakt på natta tjuven kom, ville han ha vaka og ikkje late huset sitt bli brote inn i. 44Difor skal de òg vera budde, for Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar.
← Alle lesetekstar