søndag 26. november 2028

Domssøndag/Kristi kongedag

Rekkje III
GT

Valget mellom liv og død

5Mos 30,15-20

30:15Sjå, eg har i dag lagt fram for deg livet og det gode, døden og det vonde. 16Det eg byd deg i dag, er å elska Herren din Gud, å gå på hans vegar og halda boda, forskriftene og lovene hans. Då skal du leva og bli talrik, og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du kjem til og skal ta i eige. 17Men om hjartet ditt vender seg bort og du ikkje lyder, og du lèt deg dra bort og tilbed andre gudar og tener dei, 18så kunngjer eg for dykk i dag at de sanneleg skal gå til grunne. De skal ikkje leva lenge i det landet du går over Jordan for å koma til og ta i eige. 19Eg tek i dag himmelen og jorda til vitne mot dykk: Livet og døden har eg lagt fram for deg, velsigninga og forbanninga. Vel då livet, så du og etterkomarane dine kan leva! 20Elsk Herren din Gud, lyd røysta hans og hald deg til han! For han er livet ditt og gjev deg mange dagar, så du kan bu i det landet som Herren lova fedrane dine Abraham, Isak og Jakob å gje dei.
Brev

De som hører Kristus til

1Kor 15,22-28

15:22For liksom alle døyr i Adam, så skal alle bli gjort levande i Kristus. 23Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24Så kjem enden, når han overgjev riket til Gud og Far, etter at han har gjort ende på all makt, all styresmakt og alt velde. 25For han må vera konge til han har lagt alle fiendar under føtene sine. 26Den siste fienden som blir gjort til inkjes, er døden. 27For «alt har han lagt under føtene hans». Men når det står at alt er lagt under han, er det klårt at dette ikkje gjeld han som la alt under han. 28Og når alt er lagt under han, då skal òg Sonen sjølv underordna seg under han som la alt under han, så Gud kan vera alt i alle.
Evangelium

Til dom er jeg kommet

Joh 9,39-41

9:39Jesus sa: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.» 40Nokre av farisearane som var der, høyrde dette og sa til han: «Vi er vel ikkje blinde, vi òg?» 41Jesus svara dei: «Var de blinde, hadde de ikkje synd. Men no seier de: 'Vi ser.' Difor blir synda dykkar verande.»
← Alle lesetekstar