søndag 3. desember 2028

1. søndag i adventstiden

Rekkje I
Salme

Gjør døren høy

Sal 24,1-10

24:1Ein salme av David. Jorda høyrer Herren til, og alt som fyller henne, verda og alle som bur på henne. 2For han har grunnlagt henne på hava og festa henne over elvane. 3Kven kan stiga opp på Herrens fjell? Og kven kan stå på hans heilage stad? 4Den som har reine hender og eit reint hjarte, som ikkje har vendt sjela si mot det som er tomt, og ikkje sver falskt. 5Han skal få velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar. 6Dette er den slekta som søkjer han, som søkjer ditt andlet, Jakob. Sela. 7Lyft hovuda dykkar, de portar! Reis dykk, de eldgamle dører, så ærekongen kan koma inn! 8Kven er denne ærekongen? Herren, sterk og veldig, Herren, veldig i strid. 9Lyft hovuda dykkar, de portar! Lyft dei, de eldgamle dører, så ærekongen kan koma inn! 10Kven er han, denne ærekongen? Herren over hærskarane, han er ærekongen. Sela.
Brev

Timen er kommet, våkn opp

Rom 13,11-12

13:11De veit kva tid det er: Timen er alt komen då de må vakna opp frå søvnen. For frelsa er nærare oss no enn då vi kom til tru. 12Natta lid, og dagen er nær. Lat oss difor leggja av mørkrets gjerningar og ta på oss lysets våpen.
Evangelium

Inntoget i Jerusalem

Matt 21,1-11

21:1Då dei nærma seg Jerusalem og kom til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane av stad 2og sa til dei: «Gå inn i landsbyen som ligg framfor dykk. Der skal de straks finna eit esel som står bunde, og ein fole saman med det. Løys dei og før dei til meg. 3Og om nokon seier noko til dykk, skal de svara: Herren har bruk for dei. Då sender han dei straks.» 4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som var tala gjennom profeten: 5«Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk, ridande på eit esel, på folen til eit lastedyr.» 6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt til dei. 7Dei henta eselet og folen og la kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8Ein stor folkemengd breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9Og folket som gjekk føre han og dei som følgde etter, ropa: «Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!» 10Då han kom inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
← Alle lesetekstar