OrdspråkeneKapittel 9

Visdomen har bygt huset sitt, ho har hogge ut dei sju søylene sine.
Ho har slakta kjøtet sitt, blanda vinen sin og dekt bordet sitt.
Ho har sendt ut tenestejentene sine, ho ropar frå dei høgaste stadene i byen:
«Den som er uerfaren, kan venda seg hit!» Til den som manglar forstand, seier ho:
«Kom og et av brødet mitt, og drikk av vinen eg har blanda!
Forlat dårskapen og lev! Gå fram på vegen til forstand!»
Den som refsar ein spottar, haustar skam, og den som iretteset ein gudlaus, får ein skamflekk.
Refs ikkje ein spottar, for då vil han hata deg. Refs ein vis mann, og han vil elska deg.
Gjev til ein vis mann, så blir han endå visare. Lær ein rettferdig, så aukar han i kunnskap.
Å frykta Herren er byrjinga til visdom, og kunnskap om Den Heilage er forstand.
For ved meg skal dagane dine bli mange, og leveåra dine auka.
Er du vis, så er du vis til ditt eige beste. Er du ein spottar, må du bera det åleine.
Fru Dårskap er ei larmande kvinne, tankelaus og veit ingen ting.
Ho sit ved døra til huset sitt, på ein trone på høgdene i byen,
og ropar til dei som går forbi, dei som går beint fram på vegen sin:
«Den som er uerfaren, kan venda seg hit!» Til den som manglar forstand, seier ho:
«Stole vatn er søtt, og brød ete i løyndom smakar godt.»
Men han veit ikkje at dei døde er der, at gjestene hennar er i dødsrikets djup.