SakarjaKapittel 13

Den dagen skal ei kjelde verta opna for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til reinsing frå synd og ureinskap.
Den dagen, seier Herren over hærskarane, vil eg rydda ut namna på avgudane frå landet, og dei skal ikkje lenger verta nemnde. Også profetane og den ureine ånda vil eg fjerna frå landet.
Om nokon framleis profeterer, skal far hans og mor hans, dei som fødde han, seia til han: «Du skal ikkje leva, for du har tala løgn i Herrens namn.» Og far hans og mor hans, dei som fødde han, skal gjennombora han når han profeterer.
Den dagen skal profetane skjemmast, kvar og ein av synet sitt når dei profeterer. Dei skal ikkje kle seg i lodden kappe for å lura folk.
Han skal seia: «Eg er ingen profet. Eg er ein som dyrkar jorda, for ein mann eigde meg frå ungdomen av.»
Og om nokon seier til han: «Kva er desse såra du har mellom hendene?» Då skal han svara: «Det er sår eg fekk i huset til dei som elskar meg.»
Sverd, vakna mot gjetaren min, mot mannen som er min næraste! seier Herren over hærskarane. Slå gjetaren, så saueflokken vert spreidd! Eg vil venda handa mi mot dei små.
I heile landet, seier Herren, skal to tredjedelar verta utrydda og døy, men ein tredjedel skal vera att.
Denne tredjedelen vil eg føra gjennom elden. Eg vil reinsa dei som ein reinsar sølv, og prøva dei som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg vil svara dei. Eg vil seia: «Dette er mitt folk.» Og dei skal seia: «Herren er min Gud.»