SalmeneKapittel 11

Til kormeisteren. Av David. Hos Herren har eg søkt tilflukt. Korleis kan de seia til meg: «Fly til fjellet dykkar som ein fugl!»
For sjå, dei gudlause spenner bogen, dei legg pila på strengen for å skyta i mørkret mot dei som har eit ærleg hjarte.
Når grunnvollane vert rivne ned, kva kan då den rettferdige gjera?
Herren er i sitt heilage tempel, Herren har sin trone i himmelen. Auga hans ser, augneloka hans prøver menneskeborni.
Herren prøver den rettferdige, men den gudlause og den som elskar vald, hatar han av heile si sjel.
Over dei gudlause let han det regna snårer, eld og svovel. Ein gloheit vind er den delen dei får i begeret sitt.
For Herren er rettferdig, han elskar rettferd. Den rettvise skal sjå hans andlet.