SalmeneKapittel 120

Ein song for oppgangane. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.
Herre, frels mi sjel frå lygande lepper, frå ei falsk tunge!
Kva vil han gje deg, og kva vil han leggje til deg, du falske tunge?
Kvasse piler frå ein krigar, og gloande kol frå gyvelbusken.
Ve meg, at eg bur som framand i Mesek, at eg bur mellom telta til Kedar!
Alt for lenge har mi sjel budd hos dei som hatar fred.
Eg er fred, men når eg talar, vil dei ha krig.