SalmeneKapittel 28

Av David. Til deg, Herre, ropar eg. Du er mitt berg, ver ikkje stille mot meg! Om du teier, blir eg lik dei som går ned i grava.
לְדָוִ֡ד אֵ֘לֶ֤יךָ יְהוָ֨ה ׀ אֶקְרָ֗א צוּרִי֮ אַֽל־תֶּחֱרַ֢שׁ מִ֫מֶּ֥נִּי פֶּן־תֶּֽחֱשֶׁ֥ה מִמֶּ֑נִּי וְ֝נִמְשַׁ֗לְתִּי עִם־י֥וֹרְדֵי בֽוֹר׃ ‬
Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter hendene mot heilagdomen din.
שְׁמַ֤ע ק֣וֹל תַּ֭חֲנוּנַי בְּשַׁוְּעִ֣י אֵלֶ֑יךָ בְּנָשְׂאִ֥י יָ֝דַ֗י אֶל־דְּבִ֥יר קָדְשֶֽׁךָ׃ ‬
Drag meg ikkje bort saman med dei ugudelege og dei som gjer urett, dei som talar fred med grannen sin, men har vondskap i hjartet.
אַל־תִּמְשְׁכֵ֣נִי עִם־רְשָׁעִים֮ וְעִם־פֹּ֢עֲלֵ֫י אָ֥וֶן דֹּבְרֵ֣י שָׁ֭לוֹם עִם־רֵֽעֵיהֶ֑ם וְ֝רָעָ֗ה בִּלְבָבָֽם׃ ‬
Gjev dei etter gjerningane deira og etter det vonde dei har gjort. Gjev dei etter verket til hendene deira, lat dei få att det dei fortener.
תֶּן־לָהֶ֣ם כְּפָעֳלָם֮ וּכְרֹ֢עַ מַֽעַלְלֵ֫יהֶ֥ם כְּמַעֲשֵׂ֣ה יְ֭דֵיהֶם תֵּ֣ן לָהֶ֑ם הָשֵׁ֖ב גְּמוּלָ֣ם לָהֶֽם׃ ‬
For dei forstår ikkje Herrens gjerningar og det hendene hans har gjort. Han skal riva dei ned og aldri byggja dei opp att.
כִּ֤י לֹ֤א יָבִ֡ינוּ אֶל־פְּעֻלֹּ֣ת יְ֭הוָה וְאֶל־מַעֲשֵׂ֣ה יָדָ֑יו יֶ֝הֶרְסֵ֗ם וְלֹ֣א יִבְנֵֽם׃ ‬
Velsigna vere Herren, for han har høyrt røysta i mi audmjuke bøn.
בָּר֥וּךְ יְהוָ֑ה כִּי־שָׁ֝מַע ק֣וֹל תַּחֲנוּנָֽי׃ ‬
Herren er mi kraft og mitt skjold. Hjartet mitt lit på han, og eg fekk hjelp. Hjartet mitt jublar, og med song vil eg prisa han.
יְהוָ֤ה ׀ עֻזִּ֥י וּמָגִנִּי֮ בּ֤וֹ בָטַ֥ח לִבִּ֗י וְֽנֶ֫עֱזָ֥רְתִּי וַיַּעֲלֹ֥ז לִבִּ֑י וּֽמִשִּׁירִ֥י אֲהוֹדֶֽנּוּ׃ ‬
Herren er styrke for dei, ei frelseborg for den han har salva.
יְהוָ֥ה עֹֽז־לָ֑מוֹ וּמָ֘ע֤וֹז יְשׁוּע֖וֹת מְשִׁיח֣וֹ הֽוּא׃ ‬
Frels folket ditt og velsign arven din! Ver gjætar for dei og ber dei til evig tid.
הוֹשִׁ֤יעָה ׀ אֶת־עַמֶּ֗ךָ וּבָרֵ֥ךְ אֶת־נַחֲלָתֶ֑ךָ וּֽרְעֵ֥ם וְ֝נַשְּׂאֵ֗ם עַד־הָעוֹלָֽם׃ ‬