SalmeneKapittel 31

Til kormeisteren. Ein salme av David.
לַמְנַצֵּ֗חַ מִזְמ֥וֹר לְדָוִֽד׃ ‬
Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt. Lat meg aldri bli til skamme! Frels meg i di rettferd!
בְּךָֽ־‪[t]‬ יְהוָ֣ה חָ֭סִיתִי אַל־אֵב֣וֹשָׁה לְעוֹלָ֑ם בְּצִדְקָתְךָ֥ פַלְּטֵֽנִי׃ ‬
Bøy øyret ditt til meg, skund deg og redd meg! Ver ei klippeborg for meg, eit festningsverk som frelser meg!
הַטֵּ֤ה אֵלַ֨י ׀ אָזְנְךָ֮ מְהֵרָ֢ה הַצִּ֫ילֵ֥נִי הֱיֵ֤ה לִ֨י ׀ לְֽצוּר־מָ֭עוֹז לְבֵ֥ית מְצוּד֗וֹת לְהוֹשִׁיעֵֽנִי׃ ‬
For du er mitt fjell og mi borg. For ditt namn si skuld vil du leia meg og føra meg.
כִּֽי־סַלְעִ֣י וּמְצוּדָתִ֣י אָ֑תָּה וּלְמַ֥עַן שִׁ֝מְךָ֗ תַּֽנְחֵ֥נִי וּֽתְנַהֲלֵֽנִי׃ ‬
Før meg ut or garnet dei har spent for meg, for du er mi tilflukt.
תּוֹצִיאֵ֗נִי מֵרֶ֣שֶׁת ז֭וּ טָ֣מְנוּ לִ֑י כִּֽי־אַ֝תָּה מָֽעוּזִּֽי׃ ‬
I di hand overgjev eg mi ånd. Du har løyst meg ut, Herre, du trufaste Gud.
בְּיָדְךָ֮ אַפְקִ֢יד ר֫וּחִ֥י פָּדִ֖יתָה אוֹתִ֥י יְהוָ֗ה אֵ֣ל אֱמֶֽת׃ ‬
Eg hatar dei som held seg til verdlause avgudar, men eg set mi lit til Herren.
שָׂנֵ֗אתִי הַשֹּׁמְרִ֥ים הַבְלֵי־שָׁ֑וְא וַ֝אֲנִ֗י אֶל־יְהוָ֥ה בָּטָֽחְתִּי׃ ‬
Eg vil jubla og gleda meg over di miskunn, for du har sett mi naud. Du kjenner trengslene til mi sjel.
אָגִ֥ילָה וְאֶשְׂמְחָ֗ה בְּחַ֫סְדֶּ֥ךָ אֲשֶׁ֣ר רָ֭אִיתָ אֶת־עָנְיִ֑י יָ֝דַ֗עְתָּ בְּצָר֥וֹת נַפְשִֽׁי׃ ‬
Du gav meg ikkje over i handa til fienden, men sette føtene mine på vid mark.
וְלֹ֣א הִ֭סְגַּרְתַּנִי בְּיַד־אוֹיֵ֑ב הֶֽעֱמַ֖דְתָּ בַמֶּרְחָ֣ב רַגְלָֽי׃ ‬
Ver meg nådig, Herre, for eg er i naud! Auget mitt tærest bort av sorg, mi sjel og min kropp med.
חָנֵּ֥נִי יְהוָה֮ כִּ֤י צַ֫ר־לִ֥י עָשְׁשָׁ֖ה בְכַ֥עַס עֵינִ֗י נַפְשִׁ֥י וּבִטְנִֽי׃ ‬
For livet mitt svinn bort i sorg og åra mine i sukk. Mi kraft sviktar på grunn av mi liding, og beina mine tærest bort.
כִּ֤י כָל֪וּ בְיָג֡וֹן חַיַּי֮ וּשְׁנוֹתַ֢י בַּאֲנָ֫חָ֥ה כָּשַׁ֣ל בַּעֲוֺנִ֣י כֹחִ֑י וַעֲצָמַ֥י עָשֵֽׁשׁוּ׃ ‬
På grunn av alle mine fiendar er eg vorte til spott, mest for grannane mine, til redsle for dei som kjenner meg. Dei som ser meg på gata, flyr frå meg.
מִכָּל־צֹרְרַ֨י הָיִ֪יתִי חֶרְפָּ֡ה וְלִשֲׁכֵנַ֨י ׀ מְאֹד֮ וּפַ֢חַד לִֽמְיֻדָּ֫עָ֥י רֹאַ֥י בַּח֑וּץ נָדְד֥וּ מִמֶּֽנִּי׃ ‬
Eg er gløymd som ein død, borte frå hjarta. Eg har vorte som eit kar som er mist.
נִ֭שְׁכַּחְתִּי כְּמֵ֣ת מִלֵּ֑ב הָ֝יִ֗יתִי כִּכְלִ֥י אֹבֵֽד׃ ‬
For eg høyrer kviskring frå mange, redsle på alle kantar. Dei samlar seg mot meg og legg planar om å ta livet mitt.
כִּ֤י שָׁמַ֨עְתִּי ׀ דִּבַּ֥ת רַבִּים֮ מָג֢וֹר מִסָּ֫בִ֥יב בְּהִוָּסְדָ֣ם יַ֣חַד עָלַ֑י לָקַ֖חַת נַפְשִׁ֣י זָמָֽמוּ׃ ‬
Men eg set mi lit til deg, Herre. Eg seier: «Du er min Gud.»
וַאֲנִ֤י ׀ עָלֶ֣יךָ בָטַ֣חְתִּי יְהוָ֑ה אָ֝מַ֗רְתִּי אֱלֹהַ֥י אָֽתָּה׃ ‬
Mine tider er i di hand. Redd meg frå fiendane mine og frå dei som forfølgjer meg!
בְּיָדְךָ֥ עִתֹּתָ֑י הַצִּ֘ילֵ֤נִי מִיַּד־א֝וֹיְבַ֗י וּמֵרֹדְפָֽי׃ ‬
Lat andletet ditt lysa over tenaren din! Frels meg i di miskunn!
הָאִ֣ירָה פָ֭נֶיךָ עַל־עַבְדֶּ֑ךָ ה֖וֹשִׁיעֵ֣נִי בְחַסְדֶּֽךָ׃ ‬
Herre, lat meg ikkje bli til skamme, for eg ropar til deg. Lat dei ugudelege bli til skamme, lat dei teia i dødsriket!
יְֽהוָ֗ה אַל־אֵ֭בוֹשָׁה כִּ֣י קְרָאתִ֑יךָ יֵבֹ֥שׁוּ רְ֝שָׁעִ֗ים יִדְּמ֥וּ לִשְׁאֽוֹל׃ ‬
Lat dei falske leppene bli målbundne, dei som talar freidige ord mot den rettferdige med hovmod og forakt!
תֵּ֥אָלַ֗מְנָה שִׂפְתֵ֫י שָׁ֥קֶר הַדֹּבְר֖וֹת עַל־צַדִּ֥יק עָתָ֗ק בְּגַאֲוָ֥ה וָבֽוּז׃ ‬
Kor stor er ikkje din godleik som du har gøymt for dei som fryktar deg, som du har vist mot dei som søkjer tilflukt hos deg, framfor menneske!
מָ֤ה רַֽב־טוּבְךָ֮ אֲשֶׁר־צָפַ֢נְתָּ לִּֽירֵ֫אֶ֥יךָ פָּ֭עַלְתָּ לַחֹסִ֣ים בָּ֑ךְ נֶ֝֗גֶד בְּנֵ֣י אָדָם׃ ‬
Du gøymer dei i ly av ditt andlet, bort frå menneske som legg renker. Du vernar dei i di hytte mot stridande tunger.
תַּסְתִּירֵ֤ם ׀ בְּסֵ֥תֶר פָּנֶיךָ֮ מֵֽרֻכְסֵ֫י אִ֥ישׁ תִּצְפְּנֵ֥ם בְּסֻכָּ֗ה מֵרִ֥יב לְשֹׁנֽוֹת׃ ‬
Lova vere Herren, for han har vist meg si underfulle miskunn i ein beleira by.
בָּר֥וּךְ יְהוָ֑ה כִּ֥י הִפְלִ֘יא חַסְדּ֥וֹ לִ֝֗י בְּעִ֣יר מָצֽוֹר׃ ‬
Eg sa i mi angst: «Eg er riven bort frå dine auge.» Men du høyrde mi bøn då eg ropa til deg.
וַאֲנִ֤י ׀ אָ֘מַ֤רְתִּי בְחָפְזִ֗י נִגְרַזְתִּי֮ מִנֶּ֢גֶד עֵ֫ינֶ֥יךָ אָכֵ֗ן שָׁ֭מַעְתָּ ק֥וֹל תַּחֲנוּנַ֗י בְּשַׁוְּעִ֥י אֵלֶֽיךָ׃ ‬
Elsk Herren, alle de hans trugne! Herren vernar dei trufaste, men han løner den hovmodige fullt ut.
אֽ͏ֶהֱב֥וּ אֶת־יְהוָ֗ה כָּֽל־חֲסִ֫ידָ֥יו אֱ֭מוּנִים נֹצֵ֣ר יְהוָ֑ה וּמְשַׁלֵּ֥ם עַל־יֶ֝֗תֶר עֹשֵׂ֥ה גַאֲוָֽה׃ ‬
Ver sterke og lat hjartet vera frimodig, alle de som ventar på Herren!
חִ֭זְקוּ וְיַאֲמֵ֣ץ לְבַבְכֶ֑ם כָּל־הַ֝מְיַחֲלִ֗ים לַיהוָֽה׃ ‬