SalmeneKapittel 46

Til kormeisteren. Av Korah-sønene. Ein song etter alamot-melodien.
Gud er vår tilflukt og vår styrke, ei hjelp i nauda, alltid nær.
Difor fryktar vi ikkje, om jorda vert omvelta og fjella rasar ned i havdjupet.
Lat vatna brusa og skumma, lat fjella skjelva når havet reiser seg! Sela
Ei elv med sine greiner gled Guds by, det heilage burommet til Den høgste.
Gud er midt i henne, ho skal ikkje vakla. Gud hjelper henne når morgonen gryr.
Folkeslag brusa, kongerike vakla. Han lét røysta lyda, og jorda smelta.
Herren over hærskarane er med oss, Jakobs Gud er vår faste borg. Sela
Kom og sjå Herrens gjerningar, det han har lagt i grus på jorda.
Han gjer ende på krigar over heile jorda. Bogen bryt han, spydet hogg han av, stridsvognene brenn han opp med eld.
Ver stille og kjenn at eg er Gud! Eg er opphøgd mellom folkeslaga, eg er opphøgd på jorda.
Herren over hærskarane er med oss, Jakobs Gud er vår faste borg. Sela