SalmeneKapittel 50

Ein salme av Asaf. Den mektige, Gud, Herren, talar og kallar på jorda, frå soloppgang til solnedgang.
Frå Sion, den fullkomne i venleik, strålar Gud fram.
Vår Gud kjem og skal ikkje teia. Eld fortærer framfor han, og ikring han rasar veldig storm.
Han kallar på himmelen der oppe og på jorda, for han vil døma folket sitt.
Samla dei trufaste mine til meg, dei som har gjort pakt med meg ved offer.
Og himmelen forkynner hans rettferd, for Gud sjølv er domar. Sela.
Høyr, folket mitt, eg vil tala! Israel, eg vil vitna mot deg: Eg er Gud, din Gud.
Det er ikkje for offera dine eg refsar deg, brennoffera dine er alltid framfor meg.
Eg vil ikkje ta oksar frå huset ditt eller bukkar frå kvea di.
For alle dyr i skogen er mine, og feet på tusen fjell.
Eg kjenner alle fuglar i fjella, og alt som rører seg på marka, er hos meg.
Om eg var svolten, ville eg ikkje seia det til deg, for verda og alt som fyller henne, er mitt.
Skulle eg vel eta kjøt av oksar og drikka blod av bukkar?
Ber fram takkoffer til Gud, og innfri lovnadene dine til Den høgste.
Kall på meg på naudsdagen, så vil eg berga deg, og du skal æra meg.
Men til den gudlause seier Gud: Kva rett har du til å forkynna lovene mine og ta mi pakt i din munn?
Du hatar tukt og kastar orda mine bak deg.
Når du ser ein tjuv, spring du med han, og med ekteskapsbryterane held du saman.
Du slepper munnen laus med vondt, og tunga di smir saman svik.
Du sit der og talar mot bror din, du baktalar son til di eiga mor.
Dette har du gjort, og eg tagde. Du trudde eg var som deg. Men eg vil refsa deg og leggja det fram for augo dine.
Skjøna dette, de som gløymer Gud, elles riv eg dykk sund, og ingen kan berga.
Den som ofrar takkoffer, ærar meg. Den som aktar på sin veg, skal eg la sjå Guds frelse.