SalmeneKapittel 76

Til kormeisteren. Med strengespel. Ein salme av Asaf. Ein song.
Gud er kjend i Juda, i Israel er namnet hans stort.
I Salem har han reist si hytte, og bustaden hans er på Sion.
Der knuste han dei lynande pilene, skjold og sverd og krig. Sela
Lysande er du, herleg over rovdyrfjella.
Dei modige i hjartet vart frårøva sansane, dei sovna sin siste søvn. Ingen av krigarane kunne røra ei hand.
Ved trugsmålet ditt, du Jakobs Gud, fall både vogn og hest i djup søvn.
Du er frykteleg, ja du! Kven kan stå framfor deg når vreiden din flammar opp?
Frå himmelen kunngjorde du dommen din. Jorda vart redd og tagde stille.
Gud reiste seg til dom for å frelsa alle dei audmjuke på jorda. Sela
For vreiden til menneska skal prisa deg, og resten av vreiden bind du om deg.
Gjev lovnader og hald dei for Herren dykkar Gud! Alle rundt han skal bera gåver til han som vekkjer age.
Han tek motet frå fyrstane, han er frykteleg for kongane på jorda.