SalmeneKapittel 95

Kom, lat oss jubla for Herren, lat oss ropa av glede for klippen som frelser oss!
Lat oss koma fram for hans åsyn med takkseiing, lat oss hylla han med lovsong!
For Herren er ein stor Gud, ein stor konge over alle gudar.
I hans hand er djupnene i jorda, og fjelltoppane høyrer òg han til.
Havet er hans, han har skapt det, og det tørre landet har hendene hans forma.
Kom, lat oss tilbe og bøya oss ned, lat oss knela for Herren, han som skapte oss!
For han er vår Gud, og vi er folket på hans beite, flokken under hans omsorg. Om de i dag ville høyra hans røyst!
Gjer ikkje hjarta dykkar hardt som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarka,
der fedrane dykkar sette meg på prøve, dei prøvde meg, endå dei hadde sett mitt verk.
I førti år kjende eg avsky for denne slekta. Eg sa: Dei er eit folk med villfarne hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.
Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!