SalmeneKapittel 9

Til kormeisteren. Etter «Almut labben». Ein salme av David.
Eg vil prisa HERREN av heile mitt hjarte, eg vil fortelja om alle dine underverk.
Eg vil gleda meg og jubla i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.
Når fiendane mine vik tilbake, snublar dei og går til grunne for ditt andlet.
For du har ført mi sak og min rett, du har sett deg på trona som ein rettferdig domar.
Du har refsa folkeslaga, gjort ende på den ugudelege, du har stroke ut namnet hans for alltid og æveleg.
Fienden er borte – ruinar for alltid. Du har rive ned byane deira, minnet om dei er utsletta.
Men HERREN tronar til evig tid, han har reist si trone til dom.
Han dømer verda med rettferd, han skipar rett for folka med rettvist dom.
HERREN er ei borg for den undertrykte, ei borg i trengselstider.
Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg, for du, HERRE, sviktar ikkje dei som søkjer deg.
Syng for HERREN som tronar på Sion, forkynn hans gjerningar mellom folka!
For han som hemnar blod, hugsar dei, han gløymer ikkje ropet frå dei hjelpelause.
Ver meg nådig, HERRE! Sjå kor eg lid under dei som hatar meg, du som løftar meg opp frå dødens portar.
Då kan eg fortelja om all din pris i portane til Sions dotter, eg vil jubla over di frelse.
Folkeslaga har sokke ned i grava dei sjølve grov, i garnet dei sjølve gøymde, er foten deira fanga.
HERREN har gjort seg kjend, han har halde dom. Den ugudelege er snara i verket av sine eigne hender. Higgajon. Sela.
Dei ugudelege skal venda attende til dødsriket, alle folkeslag som gløymer Gud.
For den fattige skal ikkje alltid vera gløymd, og vona til dei hjelpelause skal ikkje gå til grunne for alltid.
Reis deg, HERRE! Lat ikkje menneske få makt! Lat folkeslaga bli dømde framfor ditt andlet!
HERRE, send redsle over dei! Lat folkeslaga kjenna at dei berre er menneske. Sela.