1. JohannesKapittel 4

Mine kjære, tru ikkje på kvar ånd, men prøv åndene om dei er frå Gud, for mange falske profetar har gått ut i verda.
På dette kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er frå Gud.
Og kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje frå Gud. Dette er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma, og som allereie no er i verda.
De er frå Gud, de små born, og har sigra over dei, for han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
Dei er frå verda, difor talar dei ut frå verda, og verda høyrer på dei.
Vi er frå Gud. Den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er frå Gud, høyrer ikkje på oss. Av dette kjenner vi sanningsånda og villfaringsånda.
De kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.
Den som ikkje elskar, har ikkje kjent Gud, for Gud er kjærleik.
Ved dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss: Gud sende sin einborne Son til verda, så vi skulle leva ved han.
I dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han elska oss og sende Son sin til soning for syndene våre.
De kjære, har Gud elska oss slik, då skuldar vi òg å elska kvarandre.
Ingen har nokon gong sett Gud. Om vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og kjærleiken hans er fullenda i oss.
Av dette veit vi at vi blir i han og han i oss: Han har gjeve oss av sin Ande.
Og vi har sett og vitnar om at Faderen har sendt Sonen som frelsar for verda.
Den som vedkjenner at Jesus er Guds Son, i han blir Gud verande, og han i Gud.
Og vi har kjent og trudd den kjærleiken Gud har i oss. Gud er kjærleik, og den som blir i kjærleiken, blir i Gud, og Gud blir i han.
Ved dette er kjærleiken fullenda mellom oss, så vi kan ha frimod på domens dag, for slik han er, er vi òg i denne verda.
Det finst ikkje frykt i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta har med straff å gjera, og den som fryktar, er ikkje fullenda i kjærleiken.
Vi elskar fordi han elska oss først.
Om nokon seier: «Eg elskar Gud,» men hatar syskenet sitt, er han ein løgnar. For den som ikkje elskar syskenet sitt som han har sett, kan ikkje elska Gud som han ikkje har sett.
Og dette bodet har vi frå han: Den som elskar Gud, må òg elska syskenet sitt.