2. TimoteusKapittel 3

Men dette skal du vita: I dei siste dagane skal det koma vanskelege tider.
For menneska skal vera sjølvopptekne, pengekjære, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame, vanhellige,
utan naturleg kjærleik, uforsonlege, baktalande, utan sjølvkontroll, brutale, utan kjærleik til det gode,
svikarar, forhasta, oppblåste, slike som elskar nytingar meir enn Gud.
Dei har ein ytre form for gudsfrykt, men fornektar krafta i henne. Hald deg borte frå slike!
For mellom desse er dei som sniker seg inn i husa og fangar lettlurte kvinner som er tyngde av synder og drivne av mange slags lyster,
som alltid lærer, men aldri kan koma til kunnskap om sanninga.
På same vis som Jannes og Jambres stod imot Moses, står òg desse imot sanninga. Dei er menneske med forderva sinn, som ikkje held mål i trua.
Men dei skal ikkje koma lenger, for dårskapen deira skal bli openberr for alle, slik det òg gjekk med dei to.
Men du har følgt meg i lære, livsførsel, forsett, tru, tolmod, kjærleik, uthald,
forfølgingar og lidingar, slik det hende meg i Antiokia, Ikonium og Lystra. Slike forfølgingar har eg halde ut, og Herren har fria meg ut av dei alle.
Ja, alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus, skal bli forfølgde.
Men vonde menneske og bedragarar skal gå frå vondt til verre, dei fører vill og blir sjølve førte vill.
Men du skal bli verande i det du har lært og er blitt overtydd om, for du veit kven du har lært det frå.
Og du veit at du heilt frå du var eit lite barn har kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus.
Heile Skrifta er innånda av Gud og nyttig til opplæring, til tilrettevisning, til betring og til oppseding i rettferd,
så det mennesket som høyrer Gud til, kan vera fullkome, fullt utrusta til all god gjerning.