JesajaKapittel 32

Sjå, ein konge skal råda med rettferd, og fyrstane skal styra med rett.
הֵ֥ן לְצֶ֖דֶק יִמְלָךְ־מֶ֑לֶךְ וּלְשָׂרִ֖ים לְמִשְׁפָּ֥ט יָשֹֽׂרוּ׃ ‬
Kvar av dei skal vera som eit ly mot vinden og eit vern mot regnskuret, som bekker i eit tørt land, som skuggen av ein veldig bergnabb i eit utmatta land.
וְהָיָה־אִ֥ישׁ כְּמַֽחֲבֵא־ר֖וּחַ וְסֵ֣תֶר זָ֑רֶם כְּפַלְגֵי־מַ֣יִם בְּצָי֔וֹן כְּצֵ֥ל סֶֽלַע־כָּבֵ֖ד בְּאֶ֥רֶץ עֲיֵפָֽה׃ ‬
Då skal augo til dei som ser, ikkje lenger vera tilklistra, og øyro til dei som høyrer, skal lytta.
וְלֹ֥א תִשְׁעֶ֖ינָה עֵינֵ֣י רֹאִ֑ים וְאָזְנֵ֥י שֹׁמְעִ֖ים תִּקְשַֽׁבְנָה׃ ‬
Hjarta til dei forhasta skal forstå og vinna kunnskap, og tunga til dei stamande skal tala klårt og tydeleg.
וּלְבַ֥ב נִמְהָרִ֖ים יָבִ֣ין לָדָ֑עַת וּלְשׁ֣וֹן עִלְּגִ֔ים תְּמַהֵ֖ר לְדַבֵּ֥ר צָחֽוֹת׃ ‬
Dåren skal ikkje lenger kallast edel, og gjerrigknarken skal ikkje seiast å vera storsinna.
לֹֽא־יִקָּרֵ֥א ע֛וֹד לְנָבָ֖ל נָדִ֑יב וּלְכִילַ֕י לֹ֥א יֵֽאָמֵ֖ר שֽׁוֹעַ׃ ‬
For dåren talar dårskap, og hjarta hans tenkjer ut vondskap: å øva hykleri og tala villfaring mot Herren, å la den svoltne gå tom og ta drikken frå den tyrste.
כִּ֤י נָבָל֙ נְבָלָ֣ה יְדַבֵּ֔ר וְלִבּ֖וֹ יַעֲשֶׂה־אָ֑וֶן לַעֲשׂ֣וֹת חֹ֗נֶף וּלְדַבֵּ֤ר אֶל־יְהוָה֙ תּוֹעָ֔ה לְהָרִיק֙ נֶ֣פֶשׁ רָעֵ֔ב וּמַשְׁקֶ֥ה צָמֵ֖א יַחְסִֽיר׃ ‬
Gjerrigknarken brukar vonde metodar. Han legg vonde planar for å øydeleggja dei hjelpelause med løgnaktige ord, sjølv når den fattige talar det som er rett.
וְכֵלַ֖י כֵּלָ֣יו רָעִ֑ים ה֚וּא זִמּ֣וֹת יָעָ֔ץ לְחַבֵּ֤ל *ענוים **עֲנִיִּים֙ בְּאִמְרֵי־שֶׁ֔קֶר וּבְדַבֵּ֥ר אֶבְי֖וֹן מִשְׁפָּֽט׃ ‬
Men den edle planlegg edle ting, og på edle gjerningar skal han stå fast.
וְנָדִ֖יב נְדִיב֣וֹת יָעָ֑ץ וְה֖וּא עַל־נְדִיב֥וֹת יָקֽוּם׃ פ ‬
De sorgfrie kvinner, stå opp og høyr mi røyst! De trygge døtrer, lyd etter det eg seier!
נָשִׁים֙ שַֽׁאֲנַנּ֔וֹת קֹ֖מְנָה שְׁמַ֣עְנָה קוֹלִ֑י בָּנוֹת֙ בֹּֽטח֔וֹת הַאְזֵ֖נָּה אִמְרָתִֽי׃ ‬
Om dagar utover eit år skal de skjelva, de trygge, for vinhaustinga skal slå feil, og innhaustinga kjem ikkje.
יָמִים֙ עַל־שָׁנָ֔ה תִּרְגַּ֖זְנָה בֹּֽטְח֑וֹת כִּ֚י כָּלָ֣ה בָצִ֔יר אֹ֖סֶף בְּלִ֥י יָבֽוֹא׃ ‬
Skjelv, de sorgfrie! Bev, de trygge! Kled dykk av og gå nakne, og bind sekk om hoftene.
חִרְדוּ֙ שַֽׁאֲנַנּ֔וֹת רְגָ֖זָה בֹּֽטְח֑וֹת פְּשֹׁ֣טָֽה וְעֹ֔רָה וַחֲג֖וֹרָה עַל־חֲלָצָֽיִם׃ ‬
Dei slår seg for brystet i sorg over dei fagre markene, over dei fruktbare vinrankene.
עַל־שָׁדַ֖יִם סֹֽפְדִ֑ים עַל־שְׂדֵי־חֶ֕מֶד עַל־גֶּ֖פֶן פֹּרִיָּֽה׃ ‬
Over jorda til folket mitt skal det veksa torn og tistel, ja, over alle gledeshusa i den jublande byen.
עַ֚ל אַדְמַ֣ת עַמִּ֔י ק֥וֹץ שָׁמִ֖יר תַּֽעֲלֶ֑ה כִּ֚י עַל־כָּל־בָּתֵּ֣י מָשׂ֔וֹשׂ קִרְיָ֖ה עַלִּיזָֽה׃ ‬
For slottet er forlate, den folkerike byen er øyde. Ofel og vakttårnet er blitt til hòler for alltid, til glede for villasna, til beite for buskapen.
כִּֽי־אַרְמ֣וֹן נֻטָּ֔שׁ הֲמ֥וֹן עִ֖יר עֻזָּ֑ב עֹ֣פֶל וָבַ֜חַן הָיָ֨ה בְעַ֤ד מְעָרוֹת֙ עַד־עוֹלָ֔ם מְשׂ֥וֹשׂ פְּרָאִ֖ים מִרְעֵ֥ה עֲדָרִֽים׃ ‬
Dette varer til Anden frå det høge vert aust ut over oss. Då skal øydemarka bli til fruktbart land, og det fruktbare landet skal reknast som skog.
עַד־יֵ֨עָרֶ֥ה עָלֵ֛ינוּ ר֖וּחַ מִמָּר֑וֹם וְהָיָ֤ה מִדְבָּר֙ לַכַּרְמֶ֔ל *וכרמל **וְהַכַּרְמֶ֖ל לַיַּ֥עַר יֵחָשֵֽׁב׃ ‬
Då skal retten bu i øydemarka, og rettferda skal halda til i det fruktbare landet.
וְשָׁכַ֥ן בַּמִּדְבָּ֖ר מִשְׁפָּ֑ט וּצְדָקָ֖ה בַּכַּרְמֶ֥ל תֵּשֵֽׁב׃ ‬
Rettferda si gjerning skal vera fred, og rettferda si teneste skal vera ro og tryggleik til evig tid.
וְהָיָ֛ה מַעֲשֵׂ֥ה הַצְּדָקָ֖ה שָׁל֑וֹם וַֽעֲבֹדַת֙ הַצְּדָקָ֔ה הַשְׁקֵ֥ט וָבֶ֖טַח עַד־עוֹלָֽם׃ ‬
Folket mitt skal bu i ein fredsæl heim, i trygge bustader og på sorgfrie kvilestader.
וְיָשַׁ֥ב עַמִּ֖י בִּנְוֵ֣ה שָׁל֑וֹם וּֽבְמִשְׁכְּנוֹת֙ מִבְטַחִ֔ים וּבִמְנוּחֹ֖ת שַׁאֲנַנּֽוֹת׃ ‬
Men hagl skal slå ned skogen, og byen skal leggjast heilt i grus.
וּבָרַ֖ד בְּרֶ֣דֶת הַיָּ֑עַר וּבַשִּׁפְלָ֖ה תִּשְׁפַּ֥ל הָעִֽיר׃ ‬
Sæle er de som sår ved alle vatn og sender ut oksen og eselet til beite.
אַשְׁרֵיכֶ֕ם זֹרְעֵ֖י עַל־כָּל־מָ֑יִם מְשַׁלְּחֵ֥י רֶֽגֶל־הַשּׁ֖וֹר וְהַחֲמֽוֹר׃ ס ‬