JobKapittel 5

Rop gjerne ut! Er det nokon som svarar deg? Kven av dei heilage vil du venda deg til?
For harme drep dåren, og misunning tek livet av den einfaldige.
Eg har sett ein dåre slå rot, men brått forbanna eg bustaden hans.
Borna hans er langt frå frelse, dei vert knuste i byporten, og ingen bergar dei.
Den svoltne et opp avlinga hans, ja, hentar henne mellom tornane, og dei tørste gispar etter rikdomen deira.
For ulukke kjem ikkje opp frå støvet, og møde veks ikkje fram frå jorda.
Mennesket er fødd til møde, så visst som gneistane flyg oppover.
Men eg ville søkja til Gud og leggja mi sak fram for han.
Han gjer storverk som ikkje kan granskast, og under utan tal.
Han sender regn over jorda og let vatn strøyma over markene.
Han løftar dei låge høgt opp, og dei som syrgjer, finn tryggleik.
Han gjer planane til dei listige til inkjes, så hendene deira ikkje får fullført noko.
Han fangar dei vise i deira eiga list, og råda til dei svikefulle vert snart om inkje.
Om dagen møter dei mørker, og midt på dagen famlar dei som i natta.
Han frelser den fattige frå sverdet frå munnen deira, og frå handa til den sterke.
Så får den hjelpelause von, og uretten må lata att munnen sin.
Sjå, sælt er det mennesket som Gud refsar! Forakt ikkje tukt frå Den allmektige!
For han sårar, men bind òg opp; han slår, men hendene hans lækjer.
I seks trengsler skal han berga deg, og i sju skal ikkje noko vondt råka deg.
I hungersnaud friar han deg frå døden, og i krig frå makta til sverdet.
Du skal vera løynd for tungas svepe, og du skal ikkje ottast når øydelegging kjem.
Du kan le av øydelegging og hunger, og du treng ikkje ottast villdyra på jorda.
For du har pakt med steinane på marka, og villdyra på marka lever i fred med deg.
Du skal få vita at det er fred i teltet ditt, og når du ser over bustaden din, manglar du ingenting.
Du skal få vita at ætta di skal vera stor, og etterkomarane dine som graset på jorda.
Du skal koma til grava i mogen alder, lik eit kornband som vert samla i rett tid.
Sjå, dette har vi granska, og slik er det. Høyr det og legg det på hjarta!