Paulus
Adams fall og Kristi frelse
Paulus trekker en parallell mellom den ene mannens (Adams) ulydighet som brakte synd og død til alle mennesker, og den ene mannens (Jesu) lydighet som brakte nåde og rettferdighet. Der synden ble større ved loven, ble nåden enda mye større, slik at den hersker ved rettferdighet til evig liv ved Jesus Kristus.
Romarane 5,12-21
12Difor, liksom synda kom inn i verda gjennom eitt menneske, og døden gjennom synda, og døden såleis nådde alle menneske, ettersom alle synda –
Διὰ τοῦτο ὥσπερ διʼ ἑνὸς ἀνθρώπου ἡ ἁμαρτία εἰς τὸν κόσμον εἰσῆλθεν καὶ διὰ τῆς ἁμαρτίας ὁ θάνατος, καὶ οὕτως εἰς πάντας ἀνθρώπους ὁ θάνατος διῆλθεν ἐφʼ ᾧ πάντες ἥμαρτον—
13for synda var i verda før lova kom, men synd blir ikkje tilrekna når det ikkje finst nokon lov.
ἄχρι γὰρ νόμου ἁμαρτία ἦν ἐν κόσμῳ, ἁμαρτία δὲ οὐκ ἐλλογεῖται μὴ ὄντος νόμου,
14Likevel rådde døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde synda på same måten som Adam gjorde då han braut bodet. Adam er eit førebilete på han som skulle koma.
ἀλλὰ ἐβασίλευσεν ὁ θάνατος ἀπὸ Ἀδὰμ μέχρι Μωϋσέως καὶ ἐπὶ τοὺς μὴ ἁμαρτήσαντας ἐπὶ τῷ ὁμοιώματι τῆς παραβάσεως Ἀδάμ, ὅς ἐστιν τύπος τοῦ μέλλοντος.
15Men med nådegåva er det ikkje som med fallet. For døydde dei mange på grunn av fallet til den eine, så har Guds nåde og gåva i nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus, i endå større mål fløymt over til dei mange.
Ἀλλʼ οὐχ ὡς τὸ παράπτωμα, οὕτως καὶ τὸ χάρισμα· εἰ γὰρ τῷ τοῦ ἑνὸς παραπτώματι οἱ πολλοὶ ἀπέθανον, πολλῷ μᾶλλον ἡ χάρις τοῦ θεοῦ καὶ ἡ δωρεὰ ἐν χάριτι τῇ τοῦ ἑνὸς ἀνθρώπου Ἰησοῦ Χριστοῦ εἰς τοὺς πολλοὺς ἐπερίσσευσεν.
16Og med gåva er det ikkje som då den eine synda. For dommen over den eine førte til fordøming, men nådegåva etter mange fall fører til frikjenning.
καὶ οὐχ ὡς διʼ ἑνὸς ἁμαρτήσαντος τὸ δώρημα· τὸ μὲν γὰρ κρίμα ἐξ ἑνὸς εἰς κατάκριμα, τὸ δὲ χάρισμα ἐκ πολλῶν παραπτωμάτων εἰς δικαίωμα.
17For om døden rådde på grunn av fallet til den eine, kor mykje meir skal ikkje dei som tek imot den rike nåden og rettferdsgåva, få råda i livet ved den eine, Jesus Kristus.
εἰ γὰρ τῷ τοῦ ἑνὸς παραπτώματι ὁ θάνατος ἐβασίλευσεν διὰ τοῦ ἑνός, πολλῷ μᾶλλον οἱ τὴν περισσείαν τῆς χάριτος καὶ τῆς δωρεᾶς τῆς δικαιοσύνης λαμβάνοντες ἐν ζωῇ βασιλεύσουσιν διὰ τοῦ ἑνὸς Ἰησοῦ Χριστοῦ.
18Altså, liksom eitt fall førte til fordøming for alle menneske, så fører òg ei rettferdig gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.
Ἄρα οὖν ὡς διʼ ἑνὸς παραπτώματος εἰς πάντας ἀνθρώπους εἰς κατάκριμα, οὕτως καὶ διʼ ἑνὸς δικαιώματος εἰς πάντας ἀνθρώπους εἰς δικαίωσιν ζωῆς·
19For liksom dei mange vart gjorde til syndarar på grunn av ulydnaden til det eine mennesket, så skal òg dei mange bli gjorde rettferdige på grunn av lydnaden til den eine.
ὥσπερ γὰρ διὰ τῆς παρακοῆς τοῦ ἑνὸς ἀνθρώπου ἁμαρτωλοὶ κατεστάθησαν οἱ πολλοί, οὕτως καὶ διὰ τῆς ὑπακοῆς τοῦ ἑνὸς δίκαιοι κατασταθήσονται οἱ πολλοί.
20Lova kom til for at fallet skulle auka. Men der synda auka, vart nåden endå så mykje større.
νόμος δὲ παρεισῆλθεν ἵνα πλεονάσῃ τὸ παράπτωμα· οὗ δὲ ἐπλεόνασεν ἡ ἁμαρτία, ὑπερεπερίσσευσεν ἡ χάρις,
21For liksom synda rådde ved døden, så skal òg nåden råda ved rettferd og føra til evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
ἵνα ὥσπερ ἐβασίλευσεν ἡ ἁμαρτία ἐν τῷ θανάτῳ, οὕτως καὶ ἡ χάρις βασιλεύσῃ διὰ δικαιοσύνης εἰς ζωὴν αἰώνιον διὰ Ἰησοῦ Χριστοῦ τοῦ κυρίου ἡμῶν.