Urkyrkja
Ananias og Safira
Ananias og Safira lyver om inntektene fra et eiendomssalg og faller døde om.
Apostelgjerningane 5,1-11
1Ein mann som heitte Ananias, selde saman med kona si Saffira ein eigedom.
Ἀνὴρ δέ τις Ἁνανίας ὀνόματι σὺν Σαπφίρῃ τῇ γυναικὶ αὐτοῦ ἐπώλησεν κτῆμα
2Han heldt att noko av pengane, og kona visste om det. Så kom han og la ein del av summen ved føtene til apostlane.
καὶ ἐνοσφίσατο ἀπὸ τῆς τιμῆς, συνειδυίης καὶ τῆς ⸀γυναικός, καὶ ἐνέγκας μέρος τι παρὰ τοὺς πόδας τῶν ἀποστόλων ἔθηκεν.
3Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av pengane for jordstykket?
εἶπεν δὲ ⸀ὁ Πέτρος· Ἁνανία, διὰ τί ἐπλήρωσεν ὁ Σατανᾶς τὴν καρδίαν σου, ψεύσασθαί σε τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον καὶ ⸀νοσφίσασθαι ἀπὸ τῆς τιμῆς τοῦ χωρίου;
4Medan du åtte det, var det ditt, og då du selde det, rådde du sjølv over pengane. Kvifor sette du deg føre å gjera dette? Du har ikkje loge for menneske, men for Gud.»
οὐχὶ μένον σοὶ ἔμενεν καὶ πραθὲν ἐν τῇ σῇ ἐξουσίᾳ ὑπῆρχεν; τί ὅτι ἔθου ἐν τῇ καρδίᾳ σου τὸ πρᾶγμα τοῦτο; οὐκ ἐψεύσω ἀνθρώποις ἀλλὰ τῷ θεῷ.
5Då Ananias høyrde desse orda, fall han om og anda ut. Og stor frykt kom over alle som høyrde om det.
ἀκούων δὲ ὁ Ἁνανίας τοὺς λόγους τούτους πεσὼν ἐξέψυξεν· καὶ ἐγένετο φόβος μέγας ἐπὶ πάντας τοὺς ⸀ἀκούοντας.
6Dei unge mennene stod opp, sveipte han inn, bar han ut og gravla han.
ἀναστάντες δὲ οἱ νεώτεροι συνέστειλαν αὐτὸν καὶ ἐξενέγκαντες ἔθαψαν.
7Om lag tre timar seinare kom kona hans inn, utan å vita kva som hadde hendt.
Ἐγένετο δὲ ὡς ὡρῶν τριῶν διάστημα καὶ ἡ γυνὴ αὐτοῦ μὴ εἰδυῖα τὸ γεγονὸς εἰσῆλθεν.
8Peter spurde henne: «Sei meg, var det så mykje de selde jordstykket for?» Ho svara: «Ja, så mykje.»
ἀπεκρίθη δὲ ⸂πρὸς αὐτὴν⸃ ⸀Πέτρος· Εἰπέ μοι, εἰ τοσούτου τὸ χωρίον ἀπέδοσθε; ἡ δὲ εἶπεν· Ναί, τοσούτου.
9Då sa Peter til henne: «Kvifor vart de samde om å setja Herrens Ande på prøve? Sjå, føtene til dei som gravla mannen din, er ved døra, og dei skal bera deg ut.»
ὁ δὲ ⸀Πέτρος πρὸς αὐτήν· Τί ὅτι συνεφωνήθη ὑμῖν πειράσαι τὸ πνεῦμα κυρίου; ἰδοὺ οἱ πόδες τῶν θαψάντων τὸν ἄνδρα σου ἐπὶ τῇ θύρᾳ καὶ ἐξοίσουσίν σε.
10Straks fall ho ned ved føtene hans og anda ut. Då dei unge mennene kom inn, fann dei henne død, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar.
ἔπεσεν δὲ παραχρῆμα ⸀πρὸς τοὺς πόδας αὐτοῦ καὶ ἐξέψυξεν· εἰσελθόντες δὲ οἱ νεανίσκοι εὗρον αὐτὴν νεκράν, καὶ ἐξενέγκαντες ἔθαψαν πρὸς τὸν ἄνδρα αὐτῆς.
11Og stor frykt kom over heile forsamlinga og over alle som høyrde om dette.
καὶ ἐγένετο φόβος μέγας ἐφʼ ὅλην τὴν ἐκκλησίαν καὶ ἐπὶ πάντας τοὺς ἀκούοντας ταῦτα.