Ørkenvandringa
Befaling om å drive ut Kanaans innbyggere
På Moabs sletter ved Jordan, overfor Jeriko, taler Herren til Moses og befaler Israels barn å drive ut alle landets innbyggere når de går inn i Kanaan. De skal ødelegge utskårne steiner, støpte gudebilder og offerhauger, og fordele landet ved loddkasting etter stammenes størrelse. Dersom de lar innbyggerne bli igjen, vil disse bli torner i øynene og brodder i sidene deres, og Herren vil gjøre med Israel det han hadde tenkt å gjøre med dem.
4. Mosebok 33,50-56
50Herren tala til Moses på Moab-slettene ved Jordan, midt imot Jeriko, og sa:
וַיְדַבֵּ֧ר יְהוָ֛ה אֶל־מֹשֶׁ֖ה בְּעַֽרְבֹ֣ת מוֹאָ֑ב עַל־יַרְדֵּ֥ן יְרֵח֖וֹ לֵאמֹֽר׃
51«Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan til Kanaan,
דַּבֵּר֙ אֶל־בְּנֵ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל וְאָמַרְתָּ֖ אֲלֵהֶ֑ם כִּ֥י אַתֶּ֛ם עֹבְרִ֥ים אֶת־הַיַּרְדֵּ֖ן אֶל־אֶ֥רֶץ כְּנָֽעַן׃
52skal de driva ut alle som bur i landet, framfor dykk. De skal øydeleggja alle steinbileta deira, og alle støypte gudebilete skal de øydeleggja. Alle offerhaugane deira skal de riva ned.
וְה֨וֹרַשְׁתֶּ֜ם אֶת־כָּל־יֹשְׁבֵ֤י הָאָ֙רֶץ֙ מִפְּנֵיכֶ֔ם וְאִ֨בַּדְתֶּ֔ם אֵ֖ת כָּל־מַשְׂכִּיֹּתָ֑ם וְאֵ֨ת כָּל־צַלְמֵ֤י מַסֵּֽכֹתָם֙ תְּאַבֵּ֔דוּ וְאֵ֥ת כָּל־בָּמֹתָ֖ם תַּשְׁמִֽידוּ׃
53De skal ta landet i eige og bu der, for eg har gjeve dykk landet til eigedom.
וְהוֹרַשְׁתֶּ֥ם אֶת־הָאָ֖רֶץ וִֽישַׁבְתֶּם־בָּ֑הּ כִּ֥י לָכֶ֛ם נָתַ֥תִּי אֶת־הָאָ֖רֶץ לָרֶ֥שֶׁת אֹתָֽהּ׃
54De skal dela landet mellom dykk ved loddkasting etter ættene dykkar. Dei som er mange, skal de gje ein stor arv, og dei som er få, skal de gje ein liten arv. Der loddet fell for kvar enkelt, der skal arven hans vera. Etter fedreættene skal de få arven dykkar.
וְהִתְנַחַלְתֶּם֩ אֶת־הָאָ֨רֶץ בְּגוֹרָ֜ל לְמִשְׁפְּחֹֽתֵיכֶ֗ם לָרַ֞ב תַּרְבּ֤וּ אֶת־נַחֲלָתוֹ֙ וְלַמְעַט֙ תַּמְעִ֣יט אֶת־נַחֲלָת֔וֹ אֶל֩ אֲשֶׁר־יֵ֨צֵא ל֥וֹ שָׁ֛מָּה הַגּוֹרָ֖ל ל֣וֹ יִהְיֶ֑ה לְמַטּ֥וֹת אֲבֹתֵיכֶ֖ם תִּתְנֶחָֽלוּ׃
55Men om de ikkje driv ut dei som bur i landet, framfor dykk, då skal dei de lèt att av dei, verta som tornar i auga dykkar og som broddar i sidene dykkar. Dei skal trengja dykk i landet de bur i.
וְאִם־לֹ֨א תוֹרִ֜ישׁוּ אֶת־יֹשְׁבֵ֣י הָאָרֶץ֮ מִפְּנֵיכֶם֒ וְהָיָה֙ אֲשֶׁ֣ר תּוֹתִ֣ירוּ מֵהֶ֔ם לְשִׂכִּים֙ בְּעֵ֣ינֵיכֶ֔ם וְלִצְנִינִ֖ם בְּצִדֵּיכֶ֑ם וְצָרֲר֣וּ אֶתְכֶ֔ם עַל־הָאָ֕רֶץ אֲשֶׁ֥ר אַתֶּ֖ם יֹשְׁבִ֥ים בָּֽהּ׃
56Og det skal skje at det eg hadde tenkt å gjera med dei, det gjer eg med dykk.»
וְהָיָ֗ה כַּאֲשֶׁ֥ר דִּמִּ֛יתִי לַעֲשׂ֥וֹת לָהֶ֖ם אֽ͏ֶעֱשֶׂ֥ה לָכֶֽם׃ פ