Profetane

Dommen over Israels stolthet

Herren sender et domsord mot Jakob og Israel fordi folket i stolthet og overmot tror de kan gjenreise det som er falt med enda bedre materialer. Gud reiser fiender mot dem fra øst og vest, hugger av både hode og hale – ledere og falske profeter som fører folket på villspor – og lar ondskapen brenne som ild i landet. Til slutt vender brødre seg mot hverandre, Manasse mot Efraim og Efraim mot Manasse, og sammen mot Juda, mens Herrens vrede ennå ikke vender seg bort og hans hånd er fremdeles utstrakt.

Jesaja 9,7-20

7Herren har sendt eit ord mot Jakob, og det fell over Israel.
דָּבָ֛ר שָׁלַ֥ח אֲדֹנָ֖י בְּיַעֲקֹ֑ב וְנָפַ֖ל בְּיִשְׂרָאֵֽל׃ ‬
8Heile folket får kjenna det, Efraim og dei som bur i Samaria, dei som seier i hovmod og overmot:
וְיָדְעוּ֙ הָעָ֣ם כֻּלּ֔וֹ אֶפְרַ֖יִם וְיוֹשֵׁ֣ב שֹׁמְר֑וֹן בְּגַאֲוָ֛ה וּבְגֹ֥דֶל לֵבָ֖ב לֵאמֹֽר׃ ‬
9«Teglsteinane har falle, men vi byggjer opp att med tilhoggen stein. Morbærfigentrea er nedhogne, men vi set sedertre i staden.»
לְבֵנִ֥ים נָפָ֖לוּ וְגָזִ֣ית נִבְנֶ֑ה שִׁקְמִ֣ים גֻּדָּ֔עוּ וַאֲרָזִ֖ים נַחֲלִֽיף׃ ‬
10Men Herren reiser motstandarane til Resin opp mot han og eggjar fiendane hans.
וַיְשַׂגֵּ֧ב יְהוָ֛ה אֶת־צָרֵ֥י רְצִ֖ין עָלָ֑יו וְאֶת־אֹיְבָ֖יו יְסַכְסֵֽךְ׃ ‬
11Aramarane frå aust og filistarane frå vest sluker Israel med open munn. Trass i alt dette vender ikkje vreiden hans seg bort, og handa hans er framleis utrekt.
אֲרָ֣ם מִקֶּ֗דֶם וּפְלִשְׁתִּים֙ מֵֽאָח֔וֹר וַיֹּאכְל֥וּ אֶת־יִשְׂרָאֵ֖ל בְּכָל־פֶּ֑ה בְּכָל־זֹאת֙ לֹא־שָׁ֣ב אַפּ֔וֹ וְע֖וֹד יָד֥וֹ נְטוּיָֽה׃ ‬
12Men folket vender ikkje om til han som slår dei, og dei søkjer ikkje Herren over hærskarane.
וְהָעָ֥ם לֹא־שָׁ֖ב עַד־הַמַּכֵּ֑הוּ וְאֶת־יְהוָ֥ה צְבָא֖וֹת לֹ֥א דָרָֽשׁוּ׃ ס ‬
13Difor høgg Herren av Israel hovud og hale, palmegreina og sivet, på éin dag.
וַיַּכְרֵ֨ת יְהוָ֜ה מִיִּשְׂרָאֵ֗ל רֹ֧אשׁ וְזָנָ֛ב כִּפָּ֥ה וְאַגְמ֖וֹן י֥וֹם אֶחָֽד׃ ‬
14Den eldste og den høgvørde er hovudet, og profeten som lærer løgn, er halen.
זָקֵ֥ן וּנְשׂוּא־פָנִ֖ים ה֣וּא הָרֹ֑אשׁ וְנָבִ֥יא מֽוֹרֶה־שֶּׁ֖קֶר ה֥וּא הַזָּנָֽב׃ ‬
15Dei som leier dette folket, fører dei vill, og dei som blir leidde, blir øydelagde.
וַיִּֽהְי֛וּ מְאַשְּׁרֵ֥י הָֽעָם־הַזֶּ֖ה מַתְעִ֑ים וּמְאֻשָּׁרָ֖יו מְבֻלָּעִֽים׃ ‬
16Difor gleder ikkje Herren seg over dei unge mennene deira, og over farlause og enkjer viser han ikkje miskunn. For alle er gudlause og gjer vondt, og kvar munn talar dårskap. Trass i alt dette vender ikkje vreiden hans seg bort, og handa hans er framleis utrekt.
עַל־כֵּ֨ן עַל־בַּחוּרָ֜יו לֹֽא־יִשְׂמַ֣ח ׀ אֲדֹנָ֗י וְאֶת־יְתֹמָ֤יו וְאֶת־אַלְמְנֹתָיו֙ לֹ֣א יְרַחֵ֔ם כִּ֤י כֻלּוֹ֙ חָנֵ֣ף וּמֵרַ֔ע וְכָל־פֶּ֖ה דֹּבֵ֣ר נְבָלָ֑ה בְּכָל־זֹאת֙ לֹא־שָׁ֣ב אַפּ֔וֹ וְע֖וֹד יָד֥וֹ נְטוּיָֽה׃ ‬
17For vondskapen brenn som eld og fortærer torn og tistel. Han tenner krattskogen, og røyken stig opp i kvervlar.
כִּֽי־בָעֲרָ֤ה כָאֵשׁ֙ רִשְׁעָ֔ה שָׁמִ֥יר וָשַׁ֖יִת תֹּאכֵ֑ל וַתִּצַּת֙ בְּסִֽבְכֵ֣י הַיַּ֔עַר וַיִּֽתְאַבְּכ֖וּ גֵּא֥וּת עָשָֽׁן׃ ‬
18Ved vreiden til Herren over hærskarane er landet svidd av, og folket er som føde for elden. Ingen sparer bror sin.
בְּעֶבְרַ֛ת יְהוָ֥ה צְבָא֖וֹת נֶעְתַּ֣ם אָ֑רֶץ וַיְהִ֤י הָעָם֙ כְּמַאֲכֹ֣לֶת אֵ֔שׁ אִ֥ישׁ אֶל־אָחִ֖יו לֹ֥א יַחְמֹֽלוּ׃ ‬
19Dei riv til seg på høgre sida, men er framleis svoltne. Dei et på venstre sida, men blir ikkje mette. Kvar mann et kjøtet av sin eigen arm.
וַיִּגְזֹ֤ר עַל־יָמִין֙ וְרָעֵ֔ב וַיֹּ֥אכַל עַל־שְׂמֹ֖אול וְלֹ֣א שָׂבֵ֑עוּ אִ֥ישׁ בְּשַׂר־זְרֹע֖וֹ יֹאכֵֽלוּ׃ ‬
20Manasse mot Efraim og Efraim mot Manasse, og saman går dei mot Juda. Trass i alt dette vender ikkje vreiden hans seg bort, og handa hans er framleis utrekt.
מְנַשֶּׁ֣ה אֶת־אֶפְרַ֗יִם וְאֶפְרַ֙יִם֙ אֶת־מְנַשֶּׁ֔ה יַחְדָּ֥ו הֵ֖מָּה עַל־יְהוּדָ֑ה בְּכָל־זֹאת֙ לֹא־שָׁ֣ב אַפּ֔וֹ וְע֖וֹד יָד֥וֹ נְטוּיָֽה׃ ס ‬