Profetane

Enken i Sarepta

Under den store tørken sender Gud profeten Elia til en fattig enke i Sarepta. Hun deler sitt siste mel og olje med ham, og slik Herren har lovet, tar verken melkrukken eller oljemuggen slutt.

1. Kongebok 17,8-16

8Då kom Herrens ord til han:
וַיְהִ֥י דְבַר־יְהוָ֖ה אֵלָ֥יו לֵאמֹֽר׃ ‬
9«Stå opp og gå til Sarepta, som høyrer til Sidon, og bu der. Eg har bode ei enkje der å syta for mat til deg.»
ק֣וּם לֵ֤ךְ צָרְפַ֙תָה֙ אֲשֶׁ֣ר לְצִיד֔וֹן וְיָשַׁבְתָּ֖ שָׁ֑ם הִנֵּ֨ה צִוִּ֥יתִי שָׁ֛ם אִשָּׁ֥ה אַלְמָנָ֖ה לְכַלְכְּלֶֽךָ׃ ‬
10Han stod opp og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Hent litt vatn til meg i ei skål, så eg kan drikka.»
וַיָּ֣קָם ׀ וַיֵּ֣לֶךְ צָרְפַ֗תָה וַיָּבֹא֙ אֶל־פֶּ֣תַח הָעִ֔יר וְהִנֵּֽה־שָׁ֛ם אִשָּׁ֥ה אַלְמָנָ֖ה מְקֹשֶׁ֣שֶׁת עֵצִ֑ים וַיִּקְרָ֤א אֵלֶ֙יהָ֙ וַיֹּאמַ֔ר קְחִי־נָ֨א לִ֧י מְעַט־מַ֛יִם בַּכְּלִ֖י וְאֶשְׁתֶּֽה׃ ‬
11Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne og sa: «Ta med eit stykke brød til meg òg!»
וַתֵּ֖לֶךְ לָקַ֑חַת וַיִּקְרָ֤א אֵלֶ֙יהָ֙ וַיֹּאמַ֔ר לִֽקְחִי־נָ֥א לִ֛י פַּת־לֶ֖חֶם בְּיָדֵֽךְ׃ ‬
12Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever, eg har ikkje ein brødkake, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i kruset. No sankar eg eit par vedpinnar, så eg kan gå heim og laga mat til meg og son min. Når vi har ete det, må vi døy.»
וַתֹּ֗אמֶר חַי־יְהוָ֤ה אֱלֹהֶ֙יךָ֙ אִם־יֶשׁ־לִ֣י מָע֔וֹג כִּ֣י אִם־מְלֹ֤א כַף־קֶ֙מַח֙ בַּכַּ֔ד וּמְעַט־שֶׁ֖מֶן בַּצַּפָּ֑חַת וְהִנְנִ֨י מְקֹשֶׁ֜שֶׁת שְׁנַ֣יִם עֵצִ֗ים וּבָ֙אתִי֙ וַעֲשִׂיתִ֙יהוּ֙ לִ֣י וְלִבְנִ֔י וַאֲכַלְנֻ֖הוּ וָמָֽתְנוּ׃ ‬
13Men Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først eit lite brød til meg av det du har, og kom ut med det til meg. Sidan kan du laga mat til deg sjølv og son din.
וַיֹּ֨אמֶר אֵלֶ֤יהָ אֵלִיָּ֙הוּ֙ אַל־תִּ֣ירְאִ֔י בֹּ֖אִי עֲשִׂ֣י כִדְבָרֵ֑ךְ אַ֣ךְ עֲשִׂי־לִֽ‪[t]‬י־מִ֠שָּׁם עֻגָ֨ה קְטַנָּ֤ה בָרִאשֹׁנָה֙ וְהוֹצֵ֣אתְ לִ֔י וְלָ֣ךְ וְלִבְנֵ֔ךְ תַּעֲשִׂ֖י בָּאַחֲרֹנָֽה׃ ס ‬
14For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og oljekruset skal ikkje minka, før den dagen Herren sender regn over jorda.»
כִּ֣י כֹה֩ אָמַ֨ר יְהוָ֜ה אֱלֹהֵ֣י יִשְׂרָאֵ֗ל כַּ֤ד הַקֶּ֙מַח֙ לֹ֣א תִכְלָ֔ה וְצַפַּ֥חַת הַשֶּׁ֖מֶן לֹ֣א תֶחְסָ֑ר עַ֠ד י֧וֹם *תתן־**תֵּת־יְהוָ֛ה גֶּ֖שֶׁם עַל־פְּנֵ֥י הָאֲדָמָֽה׃ ‬
15Ho gjekk og gjorde som Elia hadde sagt. Og både ho og han og heile huslyden hennar hadde mat i lang tid.
וַתֵּ֥לֶךְ וַתַּעֲשֶׂ֖ה כִּדְבַ֣ר אֵלִיָּ֑הוּ וַתֹּ֧אכַל *הוא־*והיא **הִֽיא־**וָה֛וּא וּבֵיתָ֖הּ יָמִֽים׃ ‬
16Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljekruset minka ikkje, slik som Herren hadde sagt gjennom Elia.
כַּ֤ד הַקֶּ֙מַח֙ לֹ֣א כָלָ֔תָה וְצַפַּ֥חַת הַשֶּׁ֖מֶן לֹ֣א חָסֵ֑ר כִּדְבַ֤ר יְהוָ֔ה אֲשֶׁ֥ר דִּבֶּ֖ר בְּיַ֥ד אֵלִיָּֽהוּ׃ פ ‬