I begynnelsen av kong Jojakims regjeringstid befaler Herren Jeremia å stå i forgården til tempelet og forkynne at hvis folket ikke vender om, skal Herrens hus bli som Sjilo og Jerusalem en forbannelse. Prestene, profetene og folket griper ham og krever dødsstraff. Når Judas ledere kommer fra kongens hus, forsvarer Jeremia seg med at Herren har sendt ham, og advarer mot å utgyte uskyldig blod. Lederne og folket frikjenner ham, og landets eldste minner om hvordan profeten Mika fra Moresjet profeterte tilsvarende i kong Hiskias dager uten å bli drept. Som kontrast fortelles det om profeten Uria, Sjemajas sønn fra Kirjat-Jearim, som ble hentet tilbake fra Egypt og drept av kong Jojakim. Til slutt beskytter Akikam, Sjafans sønn, Jeremia mot å bli overgitt til folket.
2Så seier Herren: Still deg i føregarden til Herrens hus og tal til alle byane i Juda som kjem for å tilbe i Herrens hus. Sei alle dei orda eg har bode deg å tala til dei. Hald ikkje tilbake eit einaste ord.
3Kanskje vil dei høyra og venda om, kvar frå sin vonde veg. Då vil eg angra det vonde eg tenkjer å gjera mot dei på grunn av dei vonde gjerningane deira.
8Då Jeremia var ferdig med å tala alt det Herren hadde bode han å seia til heile folket, greip prestane og profetane og heile folket han og sa: «Du skal døy!
9Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt at det skal gå med dette huset som med Sjilo, og at denne byen skal leggjast øyde utan nokon som bur der?» Og heile folket samla seg mot Jeremia i Herrens hus.
11Då sa prestane og profetane til leiarane og til heile folket: «Denne mannen fortener døden, for han har profetert mot denne byen, slik de har høyrt med eigne øyre.»
12Men Jeremia sa til alle leiarane og til heile folket: «Herren har sendt meg for å profetere mot dette huset og mot denne byen alle dei orda de har høyrt.
15Men de skal vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod over dykk sjølve og over denne byen og innbyggjarane i han. For i sanning har Herren sendt meg til dykk for å tala alle desse orda så de kunne høyra dei.»
16Då sa leiarane og heile folket til prestane og profetane: «Denne mannen fortener ikkje døden, for det er i Herren vår Guds namn han har tala til oss.»
18«Mika frå Moresjet profeterte i dagane til Hiskia, konge i Juda, og sa til heile Juda-folket: Så seier Herren over hærskarane: Sion skal pløyast som ein åker, Jerusalem skal bli til ruinhopar, og tempelberget til skogkledde haugar.
19Drap Hiskia, konge i Juda, og heile Juda han? Nei, han frykta Herren og bønfall Herren, og Herren angra det vonde han hadde tala mot dei. Men vi held på å føra stor ulukke over oss sjølve!»
20Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn: Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet med same ord som Jeremia.
21Då kong Jojakim og alle krigarane hans og alle leiarane høyrde orda hans, ville kongen ta livet av han. Men Uria fekk høyra om det og vart redd; han flykta og kom til Egypt.