Paulus
Kristus frigjorde oss fra lovens forbannelse
Paulus forklarer hvordan Kristus kjøpte oss fri fra lovens forbannelse ved å bli en forbannelse for oss, slik at Abrahams velsignelse kunne komme til hedningene i Kristus Jesus. Loven ble lagt til på grunn av overtredelsene og fungerte som en tuktemester fram til Kristus, for at vi skulle bli rettferdiggjort ved tro.
Galatarane 3,10-14
10For alle som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. Det står nemleg skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held fast ved alt som står skrive i lovboka, og gjer etter det.»
Ὅσοι γὰρ ἐξ ἔργων νόμου εἰσὶν ὑπὸ κατάραν εἰσίν, γέγραπται γὰρ ⸀ὅτι Ἐπικατάρατος πᾶς ὃς οὐκ ⸀ἐμμένει πᾶσιν τοῖς γεγραμμένοις ἐν τῷ βιβλίῳ τοῦ νόμου τοῦ ποιῆσαι αὐτά.
11At ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lova, er klårt, for «den rettferdige skal leva ved tru».
ὅτι δὲ ἐν νόμῳ οὐδεὶς δικαιοῦται παρὰ τῷ θεῷ δῆλον, ὅτι Ὁ δίκαιος ἐκ πίστεως ζήσεται,
12Men lova byggjer ikkje på tru, men: «Den som gjer det, skal leva ved det.»
ὁ δὲ νόμος οὐκ ἔστιν ἐκ πίστεως, ἀλλʼ· Ὁ ποιήσας ⸀αὐτὰ ζήσεται ἐν αὐτοῖς.
13Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han vart ei forbanning for oss. For det står skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre.»
Χριστὸς ἡμᾶς ἐξηγόρασεν ἐκ τῆς κατάρας τοῦ νόμου γενόμενος ὑπὲρ ἡμῶν κατάρα, ⸂ὅτι γέγραπται⸃· Ἐπικατάρατος πᾶς ὁ κρεμάμενος ἐπὶ ξύλου,
14Dette skjedde for at Abrahams velsigning skulle koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua kunne få den lova Anden.
ἵνα εἰς τὰ ἔθνη ἡ εὐλογία τοῦ Ἀβραὰμ γένηται ἐν ⸂Χριστῷ Ἰησοῦ⸃, ἵνα τὴν ἐπαγγελίαν τοῦ πνεύματος λάβωμεν διὰ τῆς πίστεως.
Galatarane 3,19-25
19Kva er då lova? Ho vart lagd til på grunn av lovbrota, og skulle gjelda til ætta kom som lovnaden gjaldt. Ho vart formidla gjennom englar ved ein mellommann si hand.
Τί οὖν ὁ νόμος; τῶν παραβάσεων χάριν προσετέθη, ἄχρις ⸀οὗ ἔλθῃ τὸ σπέρμα ᾧ ἐπήγγελται, διαταγεὶς διʼ ἀγγέλων ἐν χειρὶ μεσίτου·
20Men ein mellommann trengst ikkje når det berre er éin part, og Gud er éin.
ὁ δὲ μεσίτης ἑνὸς οὐκ ἔστιν, ὁ δὲ θεὸς εἷς ἐστιν.
21Er då lova imot Guds lovnader? På ingen måte! For om det var gjeve ei lov som kunne gje liv, då hadde rettferda verkeleg kome av lova.
Ὁ οὖν νόμος κατὰ τῶν ἐπαγγελιῶν τοῦ θεοῦ; μὴ γένοιτο· εἰ γὰρ ἐδόθη νόμος ὁ δυνάμενος ζῳοποιῆσαι, ὄντως ⸂ἐκ νόμου ἂν⸃ ἦν ἡ δικαιοσύνη.
22Men Skrifta har inneslutta alt under synd, så det som var lova ved trua på Jesus Kristus, kunne gjevast til dei som trur.
ἀλλὰ συνέκλεισεν ἡ γραφὴ τὰ πάντα ὑπὸ ἁμαρτίαν ἵνα ἡ ἐπαγγελία ἐκ πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ δοθῇ τοῖς πιστεύουσιν.
23Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova, innestengde til den trua som skulle openberrast.
Πρὸ τοῦ δὲ ἐλθεῖν τὴν πίστιν ὑπὸ νόμον ἐφρουρούμεθα ⸀συγκλειόμενοι εἰς τὴν μέλλουσαν πίστιν ἀποκαλυφθῆναι.
24Slik vart lova vår oppsynsmann fram til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde ved tru.
ὥστε ὁ νόμος παιδαγωγὸς ἡμῶν γέγονεν εἰς Χριστόν, ἵνα ἐκ πίστεως δικαιωθῶμεν·
25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under oppsynsmannen.
ἐλθούσης δὲ τῆς πίστεως οὐκέτι ὑπὸ παιδαγωγόν ἐσμεν.