Eksil

Nehemja oppløser blandingsekteskap og renser presteskapet

Nehemja oppdager at mange jøder har giftet seg med kvinner fra Asjdod, Ammon og Moab, og at halvparten av barna ikke kan snakke jødisk. Han refser mennene, slår noen og river dem i håret, og lar dem sverge om å ikke gi bort barna sine i blandingsekteskap. Han viser til hvordan fremmede kvinner forledet Salomo. En sønn av øverstepresten Eljasjibs ætt som er svigersønn til Sanballat, jages bort. Nehemja renser presteskapet og fastsetter tjenester for prestene og levittene. Nehemja 13:23-31

Nehemja 13,23-31

23I dei dagane såg eg òg judarar som hadde teke til seg kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.
גַּ֣ם ׀ בַּיָּמִ֣ים הָהֵ֗ם רָאִ֤יתִי אֶת־הַיְּהוּדִים֙ הֹשִׁ֗יבוּ נָשִׁים֙ *אשדודיות **אַשְׁדֳּדִיּ֔וֹת *עמוניות **עַמֳּנִיּ֖וֹת מוֹאֲבִיּֽוֹת׃ ‬
24Halvparten av borna deira tala asjdodisk, og ingen av dei kunne tala judisk, men berre språket til dei ulike folka.
וּבְנֵיהֶ֗ם חֲצִי֙ מְדַבֵּ֣ר אַשְׁדּוֹדִ֔ית וְאֵינָ֥ם מַכִּירִ֖ים לְדַבֵּ֣ר יְהוּדִ֑ית וְכִלְשׁ֖וֹן עַ֥ם וָעָֽם׃ ‬
25Eg gjekk hardt ut mot dei og forbanna dei. Nokre av mennene slo eg og reiv av dei håret. Eg lét dei sverja ved Gud: «De skal ikkje gje døtrene dykkar til sønene deira eller ta døtrene deira til koner for sønene dykkar eller for dykk sjølve!
וָאָרִ֤יב עִמָּם֙ וָאֲקַֽלְלֵ֔ם וָאַכֶּ֥ה מֵהֶ֛ם אֲנָשִׁ֖ים וָֽאֶמְרְטֵ֑ם וָאַשְׁבִּיעֵ֣ם בֵּֽאלֹהִ֗ים אִם־תִּתְּנ֤וּ בְנֹֽתֵיכֶם֙ לִבְנֵיהֶ֔ם וְאִם־תִּשְׂאוּ֙ מִבְּנֹ֣תֵיהֶ֔ם לִבְנֵיכֶ֖ם וְלָכֶֽם׃ ‬
26Var det ikkje nettopp slik Salomo, Israels konge, synda? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og Gud sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene han til å synda.
הֲל֣וֹא עַל־אֵ֣לֶּה חָטָֽא־שְׁלֹמֹ֣ה מֶ֣לֶךְ יִשְׂרָאֵ֡ל וּבַגּוֹיִ֣ם הָרַבִּים֩ לֹֽא־הָיָ֨ה מֶ֜לֶךְ כָּמֹ֗הוּ וְאָה֤וּב לֵֽאלֹהָיו֙ הָיָ֔ה וַיִּתְּנֵ֣הוּ אֱלֹהִ֔ים מֶ֖לֶךְ עַל־כָּל־יִשְׂרָאֵ֑ל גַּם־אוֹת֣וֹ הֶחֱטִ֔יאוּ הַנָּשִׁ֖ים הַנָּכְרִיּֽוֹת׃ ‬
27Skal vi no høyra at de gjer alt dette store vonde og er trulause mot vår Gud ved å ta framande kvinner til koner?»
וְלָכֶ֣ם הֲנִשְׁמַ֗ע לַעֲשֹׂת֙ אֵ֣ת כָּל־הָרָעָ֤ה הַגְּדוֹלָה֙ הַזֹּ֔את לִמְעֹ֖ל בֵּֽאלֹהֵ֑ינוּ לְהֹשִׁ֖יב נָשִׁ֥ים נָכְרִיּֽוֹת׃ ‬
28Ein av sønene til Jojada, son til øvstepresten Eljasjib, var svigerson til horonittaren Sanballat. Difor jaga eg han bort frå meg.
וּמִבְּנֵ֨י יוֹיָדָ֤ע בֶּן־אֶלְיָשִׁיב֙ הַכֹּהֵ֣ן הַגָּד֔וֹל חָתָ֖ן לְסַנְבַלַּ֣ט הַחֹרֹנִ֑י וָאַבְרִיחֵ֖הוּ מֵעָלָֽי׃ ‬
29Kom dei i hug, min Gud, for det dei har gjort mot prestedømet og pakta for prestane og levittane.
זָכְרָ֥ה לָהֶ֖ם אֱלֹהָ֑י עַ֚ל גָּאֳלֵ֣י הַכְּהֻנָּ֔ה וּבְרִ֥ית הַכְּהֻנָּ֖ה וְהַלְוִיִּֽם׃ ‬
30Så reinsa eg dei for alt framandt og fastsette tenestene for prestane og levittane, kvar i si oppgåve,
וְטִֽהַרְתִּ֖ים מִכָּל־נֵכָ֑ר וָאַעֲמִ֧ידָה מִשְׁמָר֛וֹת לַכֹּהֲנִ֥ים וְלַלְוִיִּ֖ם אִ֥ישׁ בִּמְלַאכְתּֽוֹ׃ ‬
31og for vedofferet til fastsette tider og for førstegrøda. Kom meg i hug, min Gud, og lat det gå meg vel!
וּלְקֻרְבַּ֧ן הָעֵצִ֛ים בְּעִתִּ֥ים מְזֻמָּנ֖וֹת וְלַבִּכּוּרִ֑ים זָכְרָה־לִּ֥י אֱלֹהַ֖י לְטוֹבָֽה׃ ‬