Profetane
Ve-dem-ordene i Jesaja 5
Profeten Jesaja uttaler en serie 've-dem'-ord mot grådige jordeiere, drankere, dem som kaller ondt godt og godt ondt, de selvkloke og de som tar bestikkelser. Fordi folket har forkastet Herrens lov, varsles fangenskap, dødsrikets svelg og Herrens utstrakte vredeshånd Jesaja 5:8-25.
Jesaja 5,8-25
8Ve dykk som legg hus til hus og mark til mark, til det ikkje finst rom att, og de bur åleine midt i landet!
ה֗וֹי מַגִּיעֵ֥י בַ֙יִת֙ בְּבַ֔יִת שָׂדֶ֥ה בְשָׂדֶ֖ה יַקְרִ֑יבוּ עַ֚ד אֶ֣פֶס מָק֔וֹם וְהֽוּשַׁבְתֶּ֥ם לְבַדְּכֶ֖ם בְּקֶ֥רֶב הָאָֽרֶץ׃
9I øyra mine høyrde eg Herren over hærskarane seia: Sanneleg, mange hus skal bli øyde, store og fine hus skal stå tomme.
בְּאָזְנָ֖י יְהוָ֣ה צְבָא֑וֹת אִם־לֹ֞א בָּתִּ֤ים רַבִּים֙ לְשַׁמָּ֣ה יִֽהְי֔וּ גְּדֹלִ֥ים וְטוֹבִ֖ים מֵאֵ֥ין יוֹשֵֽׁב׃
10For ti mål med vinmark skal berre gje eitt bat, og ein homer såkorn skal berre gje ein efa.
כִּ֗י עֲשֶׂ֙רֶת֙ צִמְדֵּי־כֶ֔רֶם יַעֲשׂ֖וּ בַּ֣ת אֶחָ֑ת וְזֶ֥רַע חֹ֖מֶר יַעֲשֶׂ֥ה אֵיפָֽה׃ פ
11Ve dykk som står tidleg opp om morgonen for å jaga etter sterk drikk, som sit oppe til seint om kvelden medan vinen set dykk i brann!
ה֛וֹי מַשְׁכִּימֵ֥י בַבֹּ֖קֶר שֵׁכָ֣ר יִרְדֹּ֑פוּ מְאַחֲרֵ֣י בַנֶּ֔שֶׁף יַ֖יִן יַדְלִיקֵֽם׃
12Lyrer og harper, trommer og fløyter og vin er på gjesteboda deira, men på Herrens gjerning ser dei ikkje, og det hendene hans gjer, legg dei ikkje merke til.
וְהָיָ֨ה כִנּ֜וֹר וָנֶ֗בֶל תֹּ֧ף וְחָלִ֛יל וָיַ֖יִן מִשְׁתֵּיהֶ֑ם וְאֵ֨ת פֹּ֤עַל יְהוָה֙ לֹ֣א יַבִּ֔יטוּ וּמַעֲשֵׂ֥ה יָדָ֖יו לֹ֥א רָאֽוּ׃
13Difor må folket mitt gå i utlegd fordi det manglar kunnskap. Dei gjæve i folket døyr av svolt, og mengda tørstar.
לָכֵ֛ן גָּלָ֥ה עַמִּ֖י מִבְּלִי־דָ֑עַת וּכְבוֹדוֹ֙ מְתֵ֣י רָעָ֔ב וַהֲמוֹנ֖וֹ צִחֵ֥ה צָמָֽא׃
14Difor sperra dødsriket opp svelgen og opna gapet utan grense. Dit fer prakt og larm og ståk, og dei som jublar.
לָכֵ֗ן הִרְחִ֤יבָה שְּׁאוֹל֙ נַפְשָׁ֔הּ וּפָעֲרָ֥ה פִ֖יהָ לִבְלִי־חֹ֑ק וְיָרַ֨ד הֲדָרָ֧הּ וַהֲמוֹנָ֛הּ וּשְׁאוֹנָ֖הּ וְעָלֵ֥ז בָּֽהּ׃
15Mennesket blir bøygd ned, og mannen blir audmjuka, og auga til dei stolte blir audmjuka.
וַיִּשַּׁ֥ח אָדָ֖ם וַיִּשְׁפַּל־אִ֑ישׁ וְעֵינֵ֥י גְבֹהִ֖ים תִּשְׁפַּֽלְנָה׃
16Men Herren over hærskarane blir opphøgd ved domen, og den heilage Gud viser seg heilag ved rettferd.
וַיִּגְבַּ֛ה יְהוָ֥ה צְבָא֖וֹת בַּמִּשְׁפָּ֑ט וְהָאֵל֙ הַקָּד֔וֹשׁ נִקְדָּ֖שׁ בִּצְדָקָֽה׃
17Då skal lam beita som på si eiga mark, og framande skal eta på dei øydelagde markene til dei rike.
וְרָע֥וּ כְבָשִׂ֖ים כְּדָבְרָ֑ם וְחָרְב֥וֹת מֵחִ֖ים גָּרִ֥ים יֹאכֵֽלוּ׃
18Ve dykk som dreg på misgjerning med løgnsnorer og på synd som med vognreip!
ה֛וֹי מֹשְׁכֵ֥י הֶֽעָוֺ֖ן בְּחַבְלֵ֣י הַשָּׁ֑וְא וְכַעֲב֥וֹת הָעֲגָלָ֖ה חַטָּאָֽה׃
19Dei som seier: «Lat han skunda seg, lat han gjera verket sitt fort, så vi kan sjå det! Lat planen til Israels Heilage koma nær og skje, så vi kan kjenna han!»
הָאֹמְרִ֗ים יְמַהֵ֧ר ׀ יָחִ֛ישָׁה מַעֲשֵׂ֖הוּ לְמַ֣עַן נִרְאֶ֑ה וְתִקְרַ֣ב וְתָב֗וֹאָה עֲצַ֛ת קְד֥וֹשׁ יִשְׂרָאֵ֖ל וְנֵדָֽעָה׃ ס
20Ve dykk som kallar det vonde godt og det gode vondt, som gjer mørker til lys og lys til mørker, som gjer beiskt til søtt og søtt til beiskt!
ה֣וֹי הָאֹמְרִ֥ים לָרַ֛ע ט֖וֹב וְלַטּ֣וֹב רָ֑ע שָׂמִ֨ים חֹ֤שֶׁךְ לְאוֹר֙ וְא֣וֹר לְחֹ֔שֶׁךְ שָׂמִ֥ים מַ֛ר לְמָת֖וֹק וּמָת֥וֹק לְמָֽר׃ ס
21Ve dykk som er vise i eigne auge og kloke i eigne tankar!
ה֖וֹי חֲכָמִ֣ים בְּעֵֽינֵיהֶ֑ם וְנֶ֥גֶד פְּנֵיהֶ֖ם נְבֹנִֽים׃
22Ve dykk som er heltar i å drikka vin, og meistrar i å blanda sterk drikk!
ה֕וֹי גִּבּוֹרִ֖ים לִשְׁתּ֣וֹת יָ֑יִן וְאַנְשֵׁי־חַ֖יִל לִמְסֹ֥ךְ שֵׁכָֽר׃
23Ve dykk som frikjenner den skuldige for muter, og tek frå den rettferdige retten hans!
מַצְדִּיקֵ֥י רָשָׁ֖ע עֵ֣קֶב שֹׁ֑חַד וְצִדְקַ֥ת צַדִּיקִ֖ים יָסִ֥ירוּ מִמֶּֽנּוּ׃ ס
24Difor, liksom eldtunga sluker halm og tørt gras søkk saman i logen, slik skal rota deira rotna og blomen deira fyka bort som støv. For dei har vraka lova til Herren over hærskarane og forakta ordet frå Israels Heilage.
לָכֵן֩ כֶּאֱכֹ֨ל קַ֜שׁ לְשׁ֣וֹן אֵ֗שׁ וַחֲשַׁ֤שׁ לֶֽהָבָה֙ יִרְפֶּ֔ה שָׁרְשָׁם֙ כַּמָּ֣ק יִֽהְיֶ֔ה וּפִרְחָ֖ם כָּאָבָ֣ק יַעֲלֶ֑ה כִּ֣י מָאֲס֗וּ אֵ֚ת תּוֹרַת֙ יְהוָ֣ה צְבָא֔וֹת וְאֵ֛ת אִמְרַ֥ת קְדֽוֹשׁ־יִשְׂרָאֵ֖ל נִאֵֽצוּ׃
25Difor loga Herrens vreide mot folket hans. Han rette ut handa si mot dei og slo dei, så fjella skalv. Lika deira låg som søppel midt i gatene. Trass i alt dette har vreiden hans ikkje lagt seg, og handa hans er framleis utrekt.
עַל־כֵּ֡ן חָרָה֩ אַף־יְהוָ֨ה בְּעַמּ֜וֹ וַיֵּ֣ט יָד֧וֹ עָלָ֣יו וַיַּכֵּ֗הוּ וַֽיִּרְגְּזוּ֙ הֶֽהָרִ֔ים וַתְּהִ֧י נִבְלָתָ֛ם כַּסּוּחָ֖ה בְּקֶ֣רֶב חוּצ֑וֹת בְּכָל־זֹאת֙ לֹא־שָׁ֣ב אַפּ֔וֹ וְע֖וֹד יָד֥וֹ נְטוּיָֽה׃