Debora var den eneste kvinnelige dommeren i Israel og en profetinne. Hun holdt rettsmøter under 'Debora-palmen' mellom Rama og Betel. Hun ledet Israel til seier over kanaaneerkongen Jabin og hans hærfører Sisera, og komponerte en berømt seierssang sammen med Barak.
6Ho sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali og sa til han: «Har ikkje Herren, Israels Gud, gjeve deg denne påboden: Gå og dra opp til Tabor-fjellet og ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon.
9Ho svara: «Ja, eg skal gå med deg. Men då får du ikkje æra for den vegen du går, for Herren skal selja Sisera til ei kvinne.» Så reiste Debora seg og gjekk med Barak til Kedesj.
14Då sa Debora til Barak: «Opp! For dette er dagen då Herren gjev Sisera i di hand. Har ikkje Herren gått ut framfor deg?» Så gjekk Barak ned frå Tabor-fjellet med ti tusen mann etter seg.
17Men Sisera hadde flykta til fots til teltet til Jael, kona til kenitten Heber, for det var fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og huset til kenitten Heber.
21Men Jael, kona til Heber, tok ein teltplugg og ein hammar i handa. Ho gjekk stilt bort til han og slo pluggen gjennom tinningen hans og ned i jorda. Han hadde sovna djupt av utmatting, og han døydde.
22Då Barak kom og leita etter Sisera, gjekk Jael ut for å møta han og sa: «Kom, så skal eg visa deg mannen du leitar etter.» Han gjekk inn til henne, og der låg Sisera død med teltpluggen gjennom tinningen.
31Slik skal alle fiendane dine gå til grunne, Herre! Men dei som elskar han, skal vera som sola når ho stig opp i si kraft. Og landet hadde ro i førti år.