Hulda var en profetinne i Jerusalem på kong Josjias tid. Hun ble konsultert da lovboken ble funnet i tempelet, og hun profeterte om Guds kommende dom over Juda på grunn av deres avgudsdyrkelse, samtidig som hun lovet at Josjia skulle dø i fred fordi han hadde ydmyket seg for Herren.
13«Gå og spør Herren for meg, for folket og for heile Juda om det som står i denne boka som er funnen. For Herrens vreide er stor, den som er tend mot oss fordi fedrane våre ikkje høyrde på orda i denne boka og ikkje gjorde etter alt det som er skrive om oss.»
14Presten Hilkia, Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja gjekk til profetkvinna Hulda, kona til Sjallum, son til Tikva, son til Harhas, han som hadde tilsyn med kleda. Ho budde i Jerusalem, i den nye bydelen. Dei tala med henne.
17Fordi dei har forlate meg og brent røykjelse for andre gudar og gjort meg harm med alt dei har laga med hendene sine, difor har vreiden min vorte tend mot denne staden, og han skal ikkje sløkkjast.
Fordi Josjia hadde ydmyket seg og sønderrevet sine klær da han hørte lovens ord, lovet Gud gjennom Hulda at han skulle samles til sine fedre i fred før dommen kom.
19Fordi hjarta ditt vart mjukt og du audmjuka deg for Herren då du høyrde det eg har tala mot denne staden og dei som bur der, at dei skal verta til øydemark og forbanning, og fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt deg, seier Herren.
20Difor vil eg samla deg til fedrane dine, og du skal leggjast i grava di i fred. Augo dine skal ikkje sjå all den ulukka eg fører over denne staden.»» Og dei bar bodet tilbake til kongen.
22Hilkia og dei kongen hadde sendt, gjekk til profetkvinna Hulda, kona til Sjallum, son til Tokhat, son til Hasra, han som hadde tilsyn med kleda. Ho budde i Jerusalem, i den nye bydelen. Dei tala med henne om dette.
24Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og over dei som bur her, alle forbannsingane som er skrivne i boka som dei las opp for Juda-kongen.
25For dei har forlate meg og brent røykjelse for andre gudar og gjort meg harm med alt dei har gjort med hendene sine. Difor skal vreiden min renna ut over denne staden og ikkje sløkkjast.
27Fordi hjarta ditt var mjukt og du audmjuka deg for Gud då du høyrde orda hans mot denne staden og mot dei som bur her, og fordi du audmjuka deg for meg og reiv sund kleda dine og gret framfor meg, så har eg òg høyrt deg, seier Herren.
28Sjå, eg vil samla deg til fedrane dine, og du skal leggjast i grava di i fred. Augo dine skal ikkje sjå all den ulukka eg fører over denne staden og over dei som bur her.» Dei bar svaret attende til kongen.