Nabal var en velstående mann fra Maon som drev sin virksomhet i Karmel. Han var gift med den kloke og vakre Abigail, men var selv kjent for sin hardhet og dårlige oppførsel. Hans fornærmelse av David førte nesten til blodsutgytelse, men ble avverget av Abigails klokskap.
Da David sendte sine menn for å be om mat og proviant som gjengjeld for beskyttelsen de hadde gitt Nabals gjetere, avviste Nabal dem med harde ord og fornærmet David.
2Det var ein mann i Maon som dreiv verksemd på Karmel. Mannen var svært rik; han eigde tre tusen sauer og tusen geiter. Han var i ferd med å klyppa sauene sine på Karmel.
3Mannen heitte Nabal, og kona hans heitte Abigajil. Ho var ei forstandig og vakker kvinne, men mannen var hard og vond i framferda si. Han var av Kaleb-ætta.
13David sa til mennene sine: «Spenn sverdet på, kvar og ein!» Så spente dei sverdet på seg, og David spente på seg sitt sverd. Om lag fire hundre mann følgde David opp, medan to hundre vart att ved utstyret.
21David hadde sagt: «Til fånyttes har eg verna alt det denne mannen eigde i øydemarka, så ikkje noko av det han åtte vart borte. Han har lønt meg med vondt for godt.
18Då skunda Abigajil seg og tok to hundre brød, to skinnsekker med vin, fem tillaga sauer, fem mål rista korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker, og la det på esla.
25Herren min må ikkje bry seg om denne nidingen Nabal! For som namnet hans er, slik er han. Nabal heiter han, og dårskap er hos han. Men eg, tenestkvinna di, såg ikkje dei unge mennene som herren min sende.
36Då Abigajil kom heim til Nabal, heldt han gjestebod i huset sitt, eit gjestebod som for ein konge. Nabal var i godt humør og svært drukken. Ho fortalde han ikkje noko, korkje smått eller stort, før det vart morgon.