RomerneKapittel 13

Kvart menneske skal underordna seg dei styresmaktene som er over seg. For det finst inga styresmakt utan at ho er frå Gud, og dei styresmaktene som finst, er innsette av Gud.
Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett. Og dei som står imot, skal få sin dom.
For dei som styrer, er ikkje til skrekk for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å frykta styresmakta? Gjer det gode, så skal du få ros av henne.
For ho er Guds tenar til det beste for deg. Men gjer du det vonde, så frykt! Det er ikkje utan grunn ho ber sverdet. Ho er Guds tenar, ein hemnar som let vreiden råka den som gjer det vonde.
Difor er det naudsynt å underordna seg, ikkje berre på grunn av vreiden, men òg for samvitet si skuld.
Difor betaler de òg skatt, for styresmaktene er Guds tenarar som held trufast på med nettopp dette.
Gjev alle det de skuldar dei: skatt til den som skal ha skatt, toll til den som skal ha toll, age til den som skal ha age, ære til den som skal ha ære.
Ver ikkje skuldige nokon noko, anna enn det å elska kvarandre. For den som elskar nesten sin, har oppfylt lova.
For boda «Du skal ikkje bryta ekteskapet», «Du skal ikkje slå i hel», «Du skal ikkje stela», «Du skal ikkje lysta», og kvart anna bod, blir samla i dette ordet: «Du skal elska nesten din som deg sjølv.»
Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfyllinga av lova.
De veit kva tid det er: Timen er alt komen då de må vakna opp frå søvnen. For frelsa er nærare oss no enn då vi kom til tru.
Natta lid, og dagen er nær. Lat oss difor leggja av mørkrets gjerningar og ta på oss lysets våpen.
Lat oss ferdast sømeleg, som om dagen, ikkje i festing og drukkenskap, ikkje i utukt og utskeiingar, ikkje i strid og misunning.
Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje omtanke for kjøtet så det vekkjer lyster.